Hopp til hovedinnhold
foto. kompositt av fem portrettbilder

Fra v. Fanny Ovesen, Sara Johnsen, Brwa Vahabpour (oppe), Kari Anne Moe, Pål Sletaune. Foto: Irantzu Anzar/Maipo/Monica Strømdahl/Fuglene/Io Sivertsen

Fem filmskaparar får tilskot til idefordjuping

Tilskudd Film Serier Spillefilm

Idefordjupingsstipend på 250 000 kroner frå Norsk filminstitutt er tildelt filmskaparane Sara Johnsen, Kari Anne Moe, Fanny Ovesen, Pål Sletaune og Brwa Vahabpour.

Tilskotsordninga idefordjuping retter seg mot etablerte regissørar og serieskaparar som har hatt ein film eller serie i profesjonell distribusjon. Tilskotet skal legge til rette for fordjuping og modning av nye idear og forteljingar i kjølvatnet av større prosjekt som har hatt premiere. 

Formålet er å stimulere til utvikling av idear eller manuskript til audiovisuelle verk av høg kunstnarisk kvalitet, bidra til kontinuitet og profesjonalitet i utviklingsarbeidet, og sikre eit breitt og mangfaldig repertoargrunnlag for alle målgrupper. Stipendet er på 250 000 kroner. I 2025 er det delt ut ti stipend i denne ordninga. Frå 2026 har ordninga løpande søknadsfrist. 

Dei fem som har fått idefordjupingsstipend i årets andre søknadsrunde er: 

  • Sara Johnsen: Søsterbrødrene. Dramaserie
  • Kari Anne Moe: Rosastreiken. Spelefilm
  • Fanny Ovesen: To the Rescue. Spelefilm
  • Pål Sletaune: Ormeland. Spelefilm
  • Brwa Vahabpour: Prosedyren. Spelefilm

– Det var ei glede å sjå så mange sterke prosjekt i denne runda, med stor breidde i tema og sjanger, og både nye filmtalent og erfarne filmskaparar blant søkarane, seier Thale Persen, filmkonsulent ved Norsk filminstitutt. Persen starta i konsulentstillinga i november, i fireårig åremål. 

– Eg har sett etter prosjekt med godt utviklingspotensiale, også for søkaren. Fordi dette er eit fordjupingsstipend, som skal gjere det mogleg å utforske ein ide, alle svara skal ikkje vere klare på førehand. Eg har fått dette stipendet sjølv, i 2021. Det er eit flott stipend å få, og eit flott stipend å gi. Fordi det gir tid i form av pengar, og rom for utforsking. Du får utforske ein ide mens han framleis er din eigen, før du involverer andre, og stipendet gir ei anerkjenning: Her er du inne på noko, seier Thale Persen. 

Om mottakarane

Sara Johnsen 

Regissør, manusforfattar og forfattar. Regidebuterte med spelefilmen Vinterkyss (2005), og har sidan regissert spelefilmane Upperdog (2009), Uskyld (2012) og Rosemari (2016). Serieskapar og manusforfattar for dramaserien 22. juli (NRK, 2020), som vann Prix Europa for beste miniserie og Nordisk Film & TV Fond-prisen for beste seriemanus. Manus på dramaserien Troløsa (SVT, 2024), basert på Ingmar Bergmans spelefilm.

Kari Anne Moe 

Dokumentarfilmskapar og -produsent. Har regissert dokumentarfilmane Til ungdommen (2012), Pøbler (2015) og Mina og røverne (2024). Starta produksjonsselskapet Fuglene, som har stått bak dokumentarar som For vi er gutta (2018), Uten synlige tegn (2025), og fleire internasjonale samproduksjonar, inkludert Folktales (2025) som er på kortlista til Oscar for beste dokumentar. 

Fanny Ovesen 

Svensk filmskapar, utdanna ved Den norske filmskolen. Debuterte som spelefilmregissør med Leva Lite (2025), svensk-norsk samproduksjon, som no er nominert til den svenske filmprisen Guldbaggen i fire kategoriar - beste regi, beste film, beste manus og beste kvinnelige hovedrolle. Er i produksjon med sin første spelefilm på norsk, Klasseturen, med produksjonstilskot frå NFI. 

Pål Sletaune

Regissør og manusforfattar. Regidebuterte med spelefilmen Budbringeren (1997), har sidan regissert spelefilmane Amatørene (2001), Naboer (2005) og Babycall (2011). Serieskapar og regissør for dramaserien 22. juli (NRK, 2020), som vann Prix Europa for beste miniserie og Nordisk Film & TV Fond-prisen for beste seriemanus. 

Brwa Vahabpour

Regissør og manusforfattar, utdanna ved Den norske filmskolen. Episoderegissør på Jordbrukarane (NRK, 2021), debuterte som spelefilmregissør med Onkel Jens (2025), som hadde verdspremiere på den amerikanske festivalen SXSW og var opningsfilm på Kosmorama i Trondheim.

Kontakt

Foto. Mann smiler

Bernt Erik Pedersen

Kommunikasjonsrådgiver

Tildelingar i denne ordninga

Tildelinger
1T20
Dato for vedtak: 17. apr. 2026 Søker: Kenneth Karlstad Tildelt:  250 000,- Tilskuddsområde: Utvikling Tilskuddsordning: Idéfordypning
Gjentakelsen
Dato for vedtak: 17. apr. 2026 Søker: ØYSTEIN MAMEN Tildelt:  250 000,- Tilskuddsområde: Utvikling Tilskuddsordning: Idéfordypning
STILLHETEN
Dato for vedtak: 17. apr. 2026 Søker: Itonje Søimer Guttormsen Tildelt:  250 000,- Tilskuddsområde: Utvikling Tilskuddsordning: Idéfordypning
Der ingen ser oss
Dato for vedtak: 6. mar. 2026 Søker: FRØYDIS FOSSLI MOE Tildelt:  250 000,- Tilskuddsområde: Utvikling Tilskuddsordning: Idéfordypning
Prosedyren
Dato for vedtak: 12. des. 2025 Søker: BRWA VAHABPOUR FILM Tildelt:  250 000,- Regissør: Brwa Vahabpour Tilskuddsområde: Utvikling Tilskuddsordning: Idéfordypning

Meld deg på

Siste nytt fra Norsk filminstitutt

Hold deg oppdatert på siste nytt fra Norsk filminstitutt. Du kan motta informasjon og nyheter knyttet til norske filmer og serier, dataspill eller begge deler.

Du kan velge å motta nyheter idet vi publiserer en sak, vanligvis tre til fem ganger i uken, eller motta en ukentlig oppsummering av nyhetssaker.

Motta siste nytt om 
Når vil du motta nyheter