Foto: Ruben Ratkusic.
Norsk filminstitutt har vedtatt fondsbudsjettet for 2024. Her er oversikta over korleis budsjettet er fordelt.
Budsjettet vart formelt vedtatt etter at Norsk filminstitutt (NFI) fekk endeleg tildelingsbrev frå Kultur- og likestillingsdepartementet i slutten av januar.
«Filmfondet» (Post 50) vart styrkt i statsbudsjettet for 2024, og auka frå 625 550 000 i saldert statsbudsjett for 2023 til 655 000 000 i statsbudsjettet for 2024.
Likevel er den totale ramma i fondsbudsjettet lågare i 2024 enn den var ved inngangen av 2023. Dette kjem mellom anna av at 2023-ramma inkluderte overførte middel frå 2022 og rest av lågare utbetalingar til etterhandstilskot.
Per 09.02.24 er ramma for fondsbudsjettet 2024 på om lag 697 000 000 kroner. Til samanlikning var ramma for fondsbudsjettet 2023 på rundt 708 000 000 kroner.
I årets budsjett har NFI sett av ein strategisk pott. NFI har i praksis alltid hatt nokre bevegelege middel tilgjengeleg gjennom året. Desse midla har i stor grad kome frå budsjettposten øyremerka for etterhandstilskot (EHT). NFI har teke grep for å kunne rekne ut EHT med større presisjon enn før. Dette har bidratt til å redusere risikoen i fondsbudsjettlegginga. NFI vel difor å budsjettere med ein strategisk pott under budsjettposten “Ufordelte middel”. Dette gir handlingsrom til å møte behov som oppstår i løpet av året ved at desse midla kan tilførast aktuelle ordningar basert på innsikt og innspel. NFI legg opp til ei fleksibilitet i budsjettet som vil gjere instituttet betre i stand til å møte behova som blir observert gjennom året. Dette gjer det mogleg å setje inn middel der dei vil gjere mest nytte for seg, utan å måtte vente eit heilt år på neste moglegheit for naudsynte tiltak.
Per 09.02.24 er den strategiske potten sett til 10 millionar. Dette beløpet vil variere gjennom året, og kan auke dersom det frigjerast middel frå budsjettposten for etterhandstilskot.
Fordeling av den strategiske potten vil skje våren 2024 etter innspel frå bransjen, utviklinga i søknadsbunken, analysar og innspel frå fagmiljøa i NFI. NFI si leiargruppe vil bestemme korleis midlane skal fordelast.
Den endelege oversikta over korleis fondsmidla fordeler seg på ulike format og fasar kan først setjast opp etter at alle tildelingar i 2024 har funne stad. Fleire av budsjettpostane har middel som vil fordelast på ulike format og fasar, både produksjon og utvikling.
Ein meir detaljert framstilling av fondsbudsjettet 2024 kan lastast ned som PDF eller Excel.