Fasade på Cinemateket og Norsk filminstitutt. Foto: Helge Brekke
Norsk filminstitutt (NFI) har denne veka vedteke eit revidert fondsbudsjett. Auka utgifter til etterhandstilskot i 2026 inneber at seks marknadsfilmar får produksjonstilskot.
Utgiftene til etterhandstilskot i 2026 blir høgare enn opphavleg estimert. Dette kjem i hovudsak av forskyving av utbetalingar frå 2025 til 2026, to nytilkomne titlar med regional finansiering og framskoten premiere for ein stor marknadsfilm.
På grunn av dei auka utgiftene til etterhandstilskot vil Norsk filminstitutt gi eitt produksjonstilskot etter marknadsvurdering mindre enn planlagt då fondsbudsjettet først blei vedteke. NFI vil gjennomføre ein ny budsjettrevisjon i oktober.
Talet på spelefilmar som får produksjonstilskot etter marknadsvurdering i 2026, blir redusert frå sju til seks. I søknadsrunden med frist 1. september vil det bli gitt tilskot til éin film på høgt nivå (14,2 millionar kroner) og éin på lågt nivå (9,8 millionar kroner). Tidlegare i år blei det gitt tilskot til fire marknadsfilmar, to på høgt nivå og to på lågt nivå.
– Vi gjennomfører to budsjettjusteringar i året for å justere kursen i tråd med utviklinga og behova vi ser gjennom året. I år har kostnadene til etterhandstilskot blitt høgare enn venta, og det må vi ta omsyn til i fondsbudsjettet, seier Kjersti Mo, direktør i Norsk filminstitutt.
Talet på produksjonstilskot etter marknadsvurdering har variert dei siste åra. I 2025 gav Norsk filminstitutt tilskot til seks marknadsfilmar. Dei siste åra har Norsk filminstitutt justert opp satsane for produksjonstilskot etter marknadsvurdering etter dialog med bransjen.
Beløpet som blir sett av til etterhandstilskot varierer frå år til år. Utrekninga er basert på estimat over kor mykje etterhandstilskot som vil bli henta ut av filmar som kvalifiserer til tilskot. Førebelse estimat for 2027 tilseier at Norsk filminstitutt må sette av eit høgare beløp til etterhandstilskot neste budsjettår, samanlikna med 2026.