Hopp til hovedinnhold
Foto. Kvinne ser mot kamera og smiler

Kjersti Mo. Foto: Norsk filminstitutt

Fordeling av fondsmiddel i 2024

Tilskudd

Spelefilm får auka tilskotsmiddel i disponeringa av filmfondet for 2024.

Etter innspel frå bransjen har Norsk filminstitutt (NFI) no lagt føringane for fordelinga av midlane i filmfondet for 2024. Hovudtrekka i fondsbudsjettet er:  

  • Dei fleste postane blir haldne på 2023-nivå 
  • Tilskotsordninga for spelefilm etter marknadsvurdering blir justert for inflasjon og får ei auke. Denne ordninga har ikkje vore justert på fleire år, trass sterk auke i kostnadar. For 2024 er det sett av 66.000.000 kroner på budsjettet for tilskotsordninga for spelefilm etter marknadsvurdering, mot 56.000.000 kroner i 2023. Nivået på tilskot er justert opp til 13,2 millionar kroner i stor ordning og 8,8 millionar kroner i liten ordning. Dette fordeler seg med tilskot til tre filmar i stor ordning og tre filmar i liten ordning i 2024.
  • Tilskotsordninga for konsulentvurdert spelefilm blir justert for inflasjon og får ei auke. Det er sett av 77.000.000 kroner på budsjettet for konsulentvurdert spelefilm for 2024, mot 70.000.000 kroner i 2023. 
  • Tilskotsordninga til konsulentvurdert dokumentarfilm har hatt større vekst enn andre formater gjennom fleire år. I 2024 blir denne posten justert ned. Det er sett av 42.000.000 kroner på budsjettet for konsulentvurdert dokumentarfilm for 2024, mot 46.000.000 kroner i 2023. 
     
  • Tilskotsordninga til konsulentvurdert kortfilm blir justert ned. Det er sett av 14.000.000 kroner på budsjettet for denne ordninga i 2024, mot 17.000.000 kroner i 2023.
     
  • Tilskotsordninga for dramaseriar etter marknadsvurdering blir tatt ned til 5.000.000 kroner på budsjettet for 2024, mot 12.000.000 kroner i 2023.   

– Klart ønske

– Dei klare tilbakemeldingane frå bransjen i haustens innspelsvindauge var at bransjen står i ein krevjande situasjon, der produksjonskostnadane har gått opp, medan filmfondet og tilskotsordningane ikkje har vore tilsvarande indeksregulert. Derfor har NFI indeksjustert nokre sentrale ordningar. For å få til dette har vi måtta prioritere hardare og justert ned nokre andre postar. Dette er og i tråd med eit klart ønske frå bransjen om å prioritere spelefilm, seier Kjersti Mo, direktør for NFI.   

– Tilskot til dramaseriar etter marknadsvurdering er middel som automatisk vert utløyst når ein tv-kanal eller ein strøymar går inn i prosjektet. Nå som tv-kanalane og strøymarane reduserer bestillingane sine, vil og behovet for desse midla bli lågare. På sikt ønsker vi å heller å gjere fleire middel tilgjengelege gjennom ordninga for konsulentvurdert utvikling av dramaseriar, seier Kjersti Mo. 

Strategisk pott

Med statsbudsjettet for 2024 har regjeringa nok ein gang valt å satse på film, seriar og dataspel. Dei samla overføringane til filmfondet i 2024 er på 655.000.000 kronar, opp frå 625.550 i  2023. Dei regionale filmsentera og filmfonda er blitt styrka med 30,4 millionar, og samla sett er filmfeltet styrka i 2024.   

– Veksten i dei samla overføringane til filmfondet er dels knytt til nye oppgåver for dataspel, og tilskotsmidlane til film og seriar er avgrensa, seier Kjersti Mo, direktør for NFI.  

NFI har sett av middel i ein strategisk pott til fondsjustering ut frå mellom anna trendar i søknadsbunkane, utviklinga i marknaden, og tilbakemeldingane frå bransjen i innspelsvindauget.  

Kontakt

Foto. Mann smiler

Bernt Erik Pedersen

Kommunikasjonsrådgiver

Ansatte i NFI Kjersti Mo foto david malmbekk NFI 2

Kjersti Mo

Direktør