Fasade på Cinemateket og Norsk filminstitutt. Foto: Helge Brekke
Norsk filminstitutt har sendt på høyring forslag om ein felles berekraftstandard med rapporteringskrav for filmfestivalar.
Høyringsforslaget gjeld endring i forskrift av 12. oktober 2016 nr. 1209 om tilskot til filmformidling.
Forslaget inneber å innføre ein felles berekraftstandard med rapporteringskrav for filmfestivalar som får driftstilskot frå Norsk filminstitutt. Føremålet med høyringa er å få tilbakemelding og innspel frå filmfestivalar og deira organisasjonar på dei krava og forventningane som er foreslått, og korleis dei treff gjennomføringa av ulike festivalar.
Høyringsdokumenta ligg på Norsk filminstitutts høyringsside.
Forslaget vart sendt på høyring 24. april. Høyringsfrist er 19. juni.
Seksjonsleder publikum og gjennomslag