Hopp til hovedinnhold
foto. person sett bakfra sitter med lilla spillkontroll mellom hendene

Illustrasjonsfoto: Oase Media

Høyring om marknadsordning for spel

Spill

Norsk filminstitutt sender på høyring forslag til ei ny marknadsordning for spel, og eit forslag om å innføre krav om norsk eller samisk teksting for spel som mottar tilskot til utvikling.

Forslaga til endringar følger opp tiltak lagt fram i regjeringas dataspelstrategi:  Tid for spill. 

Innføringa av ei ny marknadsordning skal bidra til å oppnå dei politiske måla om å legge til rette for ein sterk og berekraftig bransje, samt å styrke norsk og samisk språk gjennom løyvingar til utvikling av dataspel av høg kvalitet på norsk og samisk språk.

Marknadsordninga skal stimulere den delen av dataspelbransjen som utviklar dataspel med kulturelt og kunstnarisk innhald, og vidare stimulere til at spela når eit stort publikum, både nasjonalt og internasjonalt, det vil seie å styrke gjennomslagskrafta til norske dataspel. 

NFI foreslår og å innføre krav om at spelet skal gjevast ut med tekst på bokmål, samisk eller nynorsk som eit vilkår for tilskot til utvikling. I gjeldande forskrift er det krav om norsk eller samisk språk for å få tilskot til lansering. 

Høyringsfrist 10. september.  

Les høyringsnotatet på NFI sine sider for høyringar og høyringssvar

Kontakt

Foto. Mann smiler

Bernt Erik Pedersen

Kommunikasjonsrådgiver

Foto. Kvinne ser inn i kamera og smiler.

Kaja Hench Dyrlie

Seksjonsleder spill og MEDIA Desk

Meld deg på

Siste nytt fra Norsk filminstitutt

Hold deg oppdatert på siste nytt fra Norsk filminstitutt. Du kan motta informasjon og nyheter knyttet til norske filmer og serier, dataspill eller begge deler.

Du kan velge å motta nyheter idet vi publiserer en sak, vanligvis tre til fem ganger i uken, eller motta en ukentlig oppsummering av nyhetssaker.

Motta siste nytt om 
Når vil du motta nyheter