Trappen på Cinemateket i Oslo. Foto: Helge Brekke.
Norsk filminstitutt har vedtatt fondsbudsjettet for 2026. Budsjettet bygger på Norsk filminstitutt sin nye strategi og vidarefører satsinga på spelefilm og dataspel. Årets budsjett prioriterer skaparar gjennom heile karriereløpet, samproduksjon, publikumsinnsikt, kompetanseheving i bransjen, og lansering nasjonalt og internasjonalt.
Fondsbudsjettet vart formelt vedtatt etter at Norsk filminstitutt fekk endeleg tildelingsbrev frå Kultur- og likestillingsdepartementet i februar.
– Årets fondbudsjett gir oss eit reelt handlingsrom. Det er gode nyheiter for ein bransje med ledig kapasitet. Lågare utgifter til etterhandstilskot i 2026 gjer at vi kan sette fleire nye spelefilmprosjekt i utvikling og produksjon. Det betyr auka aktivitet – og fleire historier på veg ut til publikum, seier Kjersti Mo, direktør i Norsk filminstitutt.
– Vi står i ein periode med høg kunstnarisk kvalitet og internasjonal merksemd. Dette budsjettet gir oss moglegheit til å byggje vidare på det momentet. Samtidig er vi tydelege på at etterhandstilskotet igjen vil legge større føringar på budsjettet i 2027, seier direktør Kjersti Mo.
– Fondbudsjettet for 2026 omset strategien vår i konkrete prioriteringar. Vi investerer i skaparar gjennom heile karriereløpet, innan film, seriar og spel, i kompetanse og publikumsinnsikt, og i norsk innhald sitt internasjonale gjennomslag. Det handlar om kvalitet, berekraft og langsiktig verdiskaping i heile den audiovisuelle sektoren.
– Dei breie publikumsfilmane spelar ei viktig rolle som felles kulturelle møteplassar. Derfor aukar vi talet på marknadsfilmar til sju i 2026. Samtidig styrkjer vi ordninga for produksjon etter kunstnarisk vurdering, slik at både kommersielle og kunstnarisk ambisiøse spelefilmar får gode vilkår, seier direktør Kjersti Mo.
– Spel er vår tids mest globale kulturuttrykk. Når vi for første gong tildeler over 100 millionar kroner til dataspel, er det fordi spel foreinar teknologi, kunst og entreprenørskap på ein måte få andre format gjer. Norske utviklarar hevdar seg allereie ute i verda, og denne satsinga skal gi dei kraft til å ta neste steg. For publikum betyr det fleire ambisiøse spelopplevingar med norske perspektiv – utvikla her heime, men med relevans langt utover Noreg sine grenser, seier direktør Kjersti Mo.
I tillegg til områda som blir styrkte i årets budsjett, har Norsk filminstitutt indeksjustert dei øvrige budsjettpostane for å møte auka kostnader i sektoren.
Les meir om Norsk filminstitutt sin strategi.
Filmfondet (post 50) vart tildelt 693 millionar kroner over statsbudsjettet for 2026. I tillegg overfører Norsk filminstitutt 67 millionar kroner frå 2025 til årets fondbudsjett. Dette gir ei budsjettramme på totalt 760 millionar kroner.
Norsk filminstitutt set i 2026 av 126 millionar kroner til etterhandstilskot (EHT). Det betyr at per februar 2026 er årets budsjettramme for nye tildelingar på 634 millionar kroner.
På vedtakstidspunktet er filmfondet fordelt slik:
Dette inkluderer utvikling, produksjon, samproduksjon, etterhandstilskot og lansering for dei formata der det er relevant. For enkelte ordningar blir formatfordelinga estimert basert på historiske tildelingar.
Norsk filminstitutt vil gjere løpande vurderingar gjennom året av korleis midlane skal fordelast på ulike tilskotsordningar. Norsk filminstitutt legg opp til budsjettrevisjonar to gonger per år, med utgangspunkt i heilskaplege vurderingar av bransjen sine behov sett opp mot filmpolitiske mål og disponible midlar. Den endelege fordelinga av filmfondet vil avhenge av utviklinga gjennom året.
Norsk filminstitutt planlegg å gi produksjonstilskot etter marknadsvurdering til sju spelefilmar i 2026, tre på høgt nivå (14,2 millionar kroner) og fire på lågt nivå (9,8 millionar kroner). I søknadsrunden med frist 3. februar vil det bli gitt tilskot til to filmar på høgt nivå og to på lågt nivå. Éin av filmane på lågt nivå vil bli vald av spelefilmkonsulent.
Beløpet som blir sett av til etterhandstilskot varierer frå år til år. Utrekninga er basert på estimat over kor mykje etterhandstilskot som vil bli henta ut av filmar som kvalifiserer til tilskot. Førebelse estimat for 2027 tilseier at Norsk filminstitutt må sette av eit høgare beløp til etterhandstilskot neste budsjettår.
Hold deg oppdatert på siste nytt fra Norsk filminstitutt. Du kan motta informasjon og nyheter knyttet til norske filmer og serier, dataspill eller begge deler.
Du kan velge å motta nyheter idet vi publiserer en sak, vanligvis tre til fem ganger i uken, eller motta en ukentlig oppsummering av nyhetssaker.