Hopp til hovedinnhold
Foto. Et arktisk landskap vist med andre farger. Røyk stiger opp, et fjell synes.

Foto: Visions Nordiques

Nordiske filmdagar i Paris 

Film Arrangement Spillefilm

Dei nordiske filmdagane Visions Nordiques startar i Paris onsdag 5. mars og går over fem dagar. Visions Nordiques er ein stor manifestasjon av nordisk film i den franske marknaden, og omfattar visning av 12 nye nordiske filmar, med fransk premiere på Dag Johan Haugeruds Kjærlighet, og samproduksjonsprogram for nordiske produsentar.

Visions Nordiques – French Nordic Film Days blir arrangert for første gang i år og er eit samarbeid mellom samanslutninga av nordiske filminstitutt The Five Nordics, det franske filminstituttet CNC, og Svenska Institutet i Paris, med støtte frå Nordisk ministerråd og dei nordiske ambassadane i Frankrike.  

– Dei nordiske filmdagane Visions Nordiques i Paris er ei spennande anledning til å promotere norsk og nordisk film ute i Europa, og legge til rette for nye samarbeid, seier Kjersti Mo, direktør for Norsk filminstitutt. 

– I år gjennomfører vi dette initiativet i tillegg til dei faste arenaene der vi er til stades. Dette arrangementet viser også at saman med våre nordiske kollegaer frå dei andre filminstitutta, kan vi utforske nye moglegheiter som The Five Nordics, seier direktør Kjersti Mo.

I programmet Visions Nordiques – French Nordic Film Days  visast dei norske spelefilmane Kjærlighet (regi: Dag Johan Haugerud), Før mørket (regi: Eirik Svensson) og Elskling (regi: Lilja Ingolfsdottir).  

To svensk-norske samproduksjonar er med i programmet: Hypnosen (samprodusent Meir Film AS) med Herbert Norum i hovudrolla, og dokumentaren Hacking Hate (samprodusent  Fuglene AS).  

Programmet inkluderer ein filmklassikar frå kvart nordisk land, og her er Norge representert med Reprise (regi: Joachim Trier, 2006).    

Visningar på Le Grand Accreditation 

Filmane er valde av prosjektleiar Mattias Nohrborg frå Tri Art Film i samarbeid med Svenska institutet i Paris, og visningane er på kinoen Le Grand Accreditation i Paris. Dag Johan Haugerud deltek på Q&A etter premieren på Kjærlighet.     

Bransjedelen av Visions Nordiques finn stad på det franske filminstituttet CNC og samlar produsentar, regissørar, distributørar og andre bransjefolk frå dei nordiske landa og Frankrike . Målet er å fremje samarbeid mellom dei franske og nordiske filmbransjane. Programmet inneheld paneldiskusjonar, casestudiar om samproduksjon, distribusjon, talentutvikling, internasjonalt sal med meir. Frå Noreg deltar Lotte Sandbu og Synnøve Hørsdal frå Maipo Film og Ingvil Sæther Berger frå Motlys.   

Kontakt

Foto. Mann ser inn i kamera.

Jakob Berg

Kommunikasjonsrådgiver