Frå IDFAcademy 2025. Foto: IDFA
Norsk filminstitutt lyser ut stipend til IDFAcademy 2026, eit internasjonalt kompetanseprogram for dokumentarfilmskaparar og produsentar i tidleg karrierefase. Søknadsfrist 1. august.
IDFAcademy blir arrangert i Amsterdam 12.–15. november 2026 i samband med IDFA, The International Documentary Film Festival Amsterdam, ein av dei største og viktigaste dokumentarfilmfestivalane i verda.
Programmet gir deltakarane fagleg påfyll, innsikt i det internasjonale dokumentarfeltet og høve til å bygge nettverk med bransjeaktørar frå heile verda.
Som del av partnarskapsavtalen har Noreg minst éin fast plass i programmet. Norske deltakarar som blir tekne opp, kan søke Norsk filminstitutt om reisestipend.
Regissørar og produsentar som arbeider med den første eller andre dokumentarfilmen sin, har vist talentet sitt på nasjonalt nivå og ønsker å styrkje den internasjonale karrieren sin.
Sjå elles retningslinjene til IDFAcademy.
Sjølv om programmet ikkje er prosjektdrive, bør deltakarane ha eit prosjekt i utvikling eller ein ferdig film før oppstart. Det sikrar at deltakarane får brukt den generelle kunnskapen og råda i arbeidet med sin eigen dokumentar i løpet av det fire dagar lange programmet.
Søknaden skal sendast direkte til IDFA. Først etter du har fått plass kan du søkje om reisestipend.
Søknadsfrist 1. august 2026
Konsulent kompetanse og partnerskap
Hold deg oppdatert på siste nytt fra Norsk filminstitutt. Du kan motta informasjon og nyheter knyttet til norske filmer og serier, dataspill eller begge deler.
Du kan velge å motta nyheter idet vi publiserer en sak, vanligvis tre til fem ganger i uken, eller motta en ukentlig oppsummering av nyhetssaker.