Alexander Eidsæther fra Fifty5Blue presenterer Publikumsundersøkelsen 2025. Foto: NFI
Heile 68 prosent av den norske befolkninga meiner at norske filmar og seriar er blitt betre dei siste åra, mot 63 prosent i 2021/2022. Dette viser Norsk filminstitutts publikumsundersøking for 2025.
Publikumsundersøkinga er utført av selskapet Fifty5blue (tidlegare Kantar Media) på oppdrag frå Norsk filminstitutt og blei lansert hjå Norsk filminstitutt i Oslo torsdag 18. juni.
Rapporten tek for seg nordmenns konsum av filmar og seriar, involvering og sjangerpreferansar, samt korleis det norske innhaldet står seg mot innhald frå utlandet.
– Norsk film gjer det bra på store festivalar og får prisar internasjonalt. Samstundes ser vi at den positive utviklinga også blir attkjend av publikum her heime. At 68 prosent av befolkninga meiner norske filmar og seriar er blitt betre dei siste åra, er eit tydeleg signal om at norsk innhald står stadig sterkare hos publikum. Det er interessant å sjå at den kunstnariske utviklinga og den internasjonale anerkjenninga også blir spegla i publikums oppfatning, seier Kjersti Mo, direktør i Norsk filminstitutt.
Rapporten gir også innsikt i nordmenn sin bruk av kino og gir innblikk i kven den typiske norske kinogjengaren er.
Elisabeth Kleppe og Elin Sander, produsenter og regissører for Havfolket. Foto: Norsk filminstitutt
Rapporten er basert på ei kvantitativ, landsrepresentativ undersøking med 5900 respondentar gjennomført i 2025, og blei presentert under eit arrangement på Cinemateket torsdag 18. juni. Her deltog også Elisabeth Kleppe, Elin Sander og Eskild Sander Halvorsen, regissører og produsenter for dokumentarfilmen Havfolket, som fortalte om korleis filmen blei ein av årets store publikumssuksessar på kino.
Opptak fra arrangementet på Cinemateket:
Publikumsundersøkinga har blitt gjennomført sidan 2020. Tidlegare undersøkingar:
Publikumsundersøkelsen 2023 og Publikumsundersøkelsen 2021-2022
Analytiker