NFI gir tilskot til tiltak som gjennom visning av film på kino og tilhøyrande arrangement styrker kinoen som ein tilgjengeleg, trygg og inkluderande møteplass, og som stimulerer filmkulturen i Noreg. Ordninga skal fremme samarbeid mellom aktørar i bransjen og bidra til ein desentralisert kinostruktur.
Kven kan søke
Søkar må vere registrert i det norske Einingsregisteret.
For kommunale og fylkeskommunale verksemder må søknaden sendast inn av hovudeininga. Verksemder som er registrerte som underliggande einingar eller organisasjonsledd i Einingsregisteret, kan ikkje stå som sjølvstendige søkarar.
Søkar må kunne dokumentere tilfredsstillande økonomisk, fagleg og praktisk gjennomføringsevne, og vere ansvarleg for rekneskapen til prosjektet.
Dette kan du søke om
Du kan søke om tilskot til utvikling og gjennomføring av prosjekt som bidreg til å oppfylle formålet med ordninga.
Godkjende kostnader kan mellom anna omfatte (lista er ikkje uttømmande):
Honorarar og løn
Reise og opphald for eventuelle gjester
Leigekostnader
Marknadsføringstiltak
Du kan søke om tilskot til fleire tiltak ved fleire kinoar samstundes.
Berre kostnader som er relevante og direkte knytte til gjennomføringa av tiltaket, kan leggast til grunn for utrekning av tilskot. Kostnadene må kunne dokumenterast.
Vilkår for tilskot
Søknad og søknadsdokument skal vere på norsk, dansk eller svensk. NFI kan gjere unntak frå språkkravet for heile eller delar av søknaden. Dette må avklarast med rådgivar før innsending.
Fullstendig søknad må vere levert før prosjektet tek til.
Tiltaket må omfatte visning av film.
Prioritering og vekting av søknaden
NFI gjer ei heilskapleg og skjønnsmessig vurdering av søknadene. Det blir lagt særleg vekt på:
Korleis tiltaket fremmer kvalitet, breidde og variasjon i filmtilbodet, eller på andre måtar stimulerer filmkulturen i Noreg.
Korleis tiltaket bidreg til publikumsutvikling med ein konkret og realistisk plan for å nå ulike målgrupper.
I kva grad tiltaket nyttar miljøvenlege løysingar.
NFI kan prioritere:
Med kino meiner vi ei verksemd der filmvisning er hovudformålet, og som betaler avgift i tråd med § 3-1 i forskrift om film og videogram.
Tiltak som rettar seg mot barn og unge og/eller underrepresenterte grupper.
Tiltak som styrker norsk film sin posisjon hos publikum generelt, og særleg hos barn og unge.
Tiltak som styrker samarbeid mellom kinoar.
Tiltak med overføringsverdi til andre kinoar i Noreg.
Formål
Ordninga har som mål å styrke kinoen som ein inkluderande og filmkulturell møteplass gjennom visning av film og arrangement knyta til dette. Ordninga skal fremme samarbeid mellom aktørar i bransjen og bidra til ein desentralisert kinostruktur.
Dette kan du få i tilskudd
Storleiken på tilskotet blir fastsett etter ei samla vurdering av søknaden og dei økonomiske rammene for ordninga.
Tilskot blir gitt som prosjekttilskot.
Tilskotet skal ikkje bidra til å finansiere den ordinære drifta av kinoen.
Samla offentleg støtte kan ikkje overstige det som er nødvendig for å dekke dei relevante kostnadene ved prosjektet i den aktuelle perioden.
NFI kan sette avgrensingar for administrasjonskostnader dersom dette blir vurdert som nødvendig.
Dette må du ha klart til søknaden
Prosjektbeskrivinga skal innehalde målsetting, målgrupper, marknadsstrategi og forventa effekt, mellom anna:
Ein konkret plan som skildrar korleis tiltaket fremmer kvalitet, breidde og variasjon i filmtilbodet eller på andre måtar stimulerer filmkulturen i Noreg
Korleis tiltaket skal nå publikum, om det rettar seg mot barn og unge og/eller underrepresenterte grupper
I kva grad tiltaket nyttar miljøvenlege løysingar
Skildring av bakgrunn og relevant erfaring hos arrangementsansvarlege, samt eventuelle samarbeidspartnarar.
Samarbeidsavtale dersom tiltaket involverer fleire aktørar.
Finansieringsplan med oversikt over all finansiering.
Budsjett der alle kostnader er spesifiserte, og det går tydeleg fram kva for kostnader det blir søkt NFI-tilskot til
Alle søkarar må levere ei eigenmelding som gjer greie for:
Inkludering og representativitet i innhald, blant tilsette og involverte aktørar, samt korleis verksemda arbeider systematisk for å fremme inkludering og breidde i publikum.
NFI forstår mangfald og inkludering som mellom anna variasjon i kjønn, alder, funksjonsevne, etnisitet, urfolk, nasjonale minoritetar, seksuell orientering, geografisk tilhøyrsle og sosial bakgrunn