NFI gir tilskot til drift av filmfestivalar, som skal bidra til kvalitet og breidde i filmtilbodet for vaksne og barn, og stimulere filmkulturen i Noreg. Denne tilskotsordninga rettar seg mot arrangørar av filmfestivalar i Noreg som har publikum som hovudmålgruppe.
Dersom festivalen arrangerer tiltak gjennom året utanfor festivalens kjerneperiode, skal dette inkluderast i søknaden.
NFI kan øyremerka midlar til spesifikke tiltak som er i tråd med våre uttalte satsingsområde
For en nærmare avgrensing av kva tilskotet kan gå til, sjå opplistinga av godkjente driftskostnader i gruppeunntaksforordninga (EU) nr. 651/2014 artikkel 53 nr. 5
Vi gjer ei heilskapleg skjønnsmessig vurdering av søknadane opp mot kvarandre og legg særleg vekt på korleis festivalane bidrar til å stimulere filmkulturen i Noreg. Følgande moment er ein del av vurderinga:
Festivalens formål, kva den ønsker å oppnå kunstnarisk, kulturelt og samfunnsmessig, og korleis tiltaka bidrar til å bygge opp om dette. I tillegg blir det lagt vekt på:
Festivalens evne til å skape interesse hos og engasjere aktuelle publikumsgrupper, og korleis den evnar å formidle sitt innhald til ulike publikumssegment, til dømes gjennom partnarar, media eller andre relevante aktørar. Det blir lagt særleg vekt på festivalen sin evne
til å nå ut til og skape engasjement blant barn, unge og underrepresenterte grupper.
I tillegg kan festivalens posisjon og forankring i regionen, samt andre relevante nasjonale eller internasjonale samarbeid bli vekta positivt.
Økonomisk, fagleg og praktisk gjennomføringsevne, medrekna økonomisk forankring lokalt og regionalt, langsiktige samarbeidspartnarar og festivalens tidlegare resultat
Tilskot til filmfestivalar skal bidra til kvalitet og breidde i filmtilbodet for vaksne og barn, og stimulere filmkulturen i Noreg.
Du kan få tilskot på opptil 60 % av festivalens totale budsjett. Budsjettet skal omfatte alle aktivitetane som festivalen søker tilskot til, også eventuelle tiltak gjennom året. Dersom festivalen retter seg mot barn og unge, kan vi gjere unntak og gje tilskot som overstig 60 % av festivalens totale budsjett.
Festivalar med søknadsbeløp under 100.000 kroner kan ikkje rekne med å bli prioritert.
Du må oppgi alle andre tilskot filmfestivalen får.
For festivalar som får tilskot i form av driftstilskot gjeld at samla offentleg tilskot ikkje kan vere høgare enn det som er nødvendig for å dekke driftskostnader og det som skal til for at festivalen går med et rimeleg overskot. Grensa for tilskot
står i gruppeunntaksforordninga (EU) nr. 651/2014 artikkel 53 (7) og (8)
For en nærare avgrensing av kva tilskotet kan gå til, se opplistinga av godkjente driftskostnader i gruppeunntaksforordninga (EU) nr. 651/2014 artikkel 53 nr. 5.
Eit utval vurderer søknadene om festivaltilskot. Utvalet består av 3-5 eksterne ekspertar, som er oppnemnde for tre år. Utvalet har brei filmfagleg kompetanse. Utvalet leverer ei grunngitt innstilling om tilskot til NFI, som fattar endeleg vedtak.
Sjå her for ei beskriving av korleis vi saksbehandlar i NFI
Alle som søker må levere eigenmelding om inkludering. Formålet med eigenmeldinga er å bevisstgjere og ansvarleggjere bransjen, så det blir skapt prosjekt som tek fleire stemmer i bruk, og som totalt sett opplevast som relevante for alle lag av befolkninga.
Eigenmeldinga skal gjere greie for inkludering og representativitet i skapar-, innhalds-, og brukarleddet. Søkaren skal vise korleis inkludering og representativitet er ivareteke med omsyn til diversitet i form av enten kjønn, alder (barn, unge, seniorar), funksjonsevne, etnisitet, urfolk, nasjonale minoritetar, seksuell orientering, geografisk tilhøyrsle eller sosial bakgrunn.
Her kan du lese meir om eigenmeldinga.
Rådgiver formidling