Hopp til hovedinnhold

Innkjøpsordninga for spel

NFI kjøper inn norske dataspel til bruk i bibliotek og fritidsklubbar. Innkjøpsordninga rettar seg mot norske spelprodusentar.

Kven kan søke

  • Produsentar av norske spel. Med norske spel meinast her spel som er utvikla av ein norsk hovudprodusent.
  • Søkar må vere registrert i Einingsregisteret.

Dette kan du søke om

  • Du kan søke om innkjøp av eit utgitt, norskutvikla dataspel til alle plattformer det er tilknytta, både i fysisk utgåve og/eller i digital utgåve til utlån, nedlasting og bruk i bibliotek og fritidsklubbar.
  • Du kan søke om innkjøp til bibliotek og fritidsklubbar saman eller kvar for seg.
  • Du kan søke igjen med titlar som tidlegare har vorte kjøpt inn gjennom denne ordninga.
  • Du kan søke om tilskot til å utgje spelet i fysisk versjon som del av innkjøpet. Du må da dokumentere kva trykkekostnader som vil koma til. NFI vil kunne dekke opp til 100.000 kroner av slike kostnader.

Vilkår for innkjøp 

  • Søkar må ha rettane til å selje spelet (kodar /nøklar/ eksemplar som søker tilbyr til bruk). Spelprodusenten vil sjølv stå ansvarleg for at eventuelle avtaler med tredjepart ikkje strider med avtaler som blir inngått med NFI.
  • Søkar er ansvarleg for at dei nødvendige rettane for bruk av spelet i bibliotek og fritidsklubbar er på plass.
  • Det skal ikkje vere kjøp eller reklame i spelet.
  • Søkar må levere speleksemplar, bruksrettleiing og andre krav til innlevering som NFI etterspør i samsvar med tilskotsbrev.
  • Søkar må tilby support og vedlikehald av eventuelle lenker i inntil to år.
  • Nedlastbare spel må leverast med kodar/nøklar til å løyse inn spelet. Kodane må vere gyldige i minimum to år.
  • Spel i fysisk versjon må leverast til NFI, eller anna avtalt mottaksstad på forhånd. NFI tar kostnaden med å sende spelet vidare til biblioteka og fritidsklubbane.

Prioritering og vekting av søknader

Spela blir vurderte på bakgrunn av ordningas retningslinjer. Det blir gjort ei skjønnsmessig vurdering av innkomne søknader. Det blir lagt særleg vekt på:

  • Om spelet er for barn og unge
  • Spelets kvalitet
  • Spelets anvendelegheit i bibliotek (basert på tema, målgruppe og plattform)
  • Utgivingsdato. Nyare spel blir prioritert
  • Om spelet er på norsk eller samiske språk
  • Mangfald i tematikk, sjangrar og uttrykk

Meir om ordninga

Tidlegare tildelinger i denne ordninga

Tildelinger
Raanaa - The Shaman Girl (PC)
Dato for vedtak: 22. mai 2026 Søker: MIKSAPIX INTERACTIVE AS Tildelt:  36 100,- Tilskuddsområde: Formidling Tilskuddsordning: Innkjøpsordningen for spill
Fishing North Atlantic
Dato for vedtak: 13. apr. 2026 Søker: MISC GAMES AS Tildelt:  47 294,- Tilskuddsområde: Formidling Tilskuddsordning: Innkjøpsordningen for spill
Snusmumrikken: Melodien i Mummidalen
Dato for vedtak: 19. mar. 2026 Søker: Hyper Games AS Tildelt:  43 000,- Tilskuddsområde: Formidling Tilskuddsordning: Innkjøpsordningen for spill
Snusmumrikken: Melodien i Mummidalen
Dato for vedtak: 19. mar. 2026 Søker: Hyper Games AS Tildelt:  28 000,- Tilskuddsområde: Formidling Tilskuddsordning: Innkjøpsordningen for spill
Snusmumrikken: Melodien i Mummidalen
Dato for vedtak: 19. mar. 2026 Søker: Hyper Games AS Tildelt:  57 119,- Tilskuddsområde: Formidling Tilskuddsordning: Innkjøpsordningen for spill
Savant - Ascent REMIX
Dato for vedtak: 4. des. 2025 Søker: D-PAD STUDIO AS Tildelt:  44 750,- Tilskuddsområde: Formidling Tilskuddsordning: Innkjøpsordningen for spill
Owlboy
Dato for vedtak: 4. des. 2025 Søker: D-PAD STUDIO AS Tildelt:  144 100,- Tilskuddsområde: Formidling Tilskuddsordning: Innkjøpsordningen for spill
Troll mot Vikinger:Reborn
Dato for vedtak: 27. nov. 2025 Søker: Megapop as Tildelt:  29 500,- Tilskuddsområde: Formidling Tilskuddsordning: Innkjøpsordningen for spill
Somber Echoes
Dato for vedtak: 27. nov. 2025 Søker: Rock Pocket AS Tildelt:  94 000,- Tilskuddsområde: Formidling Tilskuddsordning: Innkjøpsordningen for spill
Brew
Dato for vedtak: 25. nov. 2025 Søker: SNOW LEAF STUDIOS AS Tildelt:  70 000,- Tilskuddsområde: Formidling Tilskuddsordning: Innkjøpsordningen for spill

Kontaktpersoner

Foto. Mann ser inn i kamera og smiler

Audun Rodem

Rådgiver dataspillkultur