Hopp til hovedinnhold

Utvikling av formidlingsopplegg i Den kulturelle skulesekken

NFI gir tilskot til utvikling av formidlingsopplegg tilknytt film og dataspel i Den kulturelle skulesekken (DKS). Ordninga er retta mot spelutviklarer, filmskaparar, manusforfattarar, distributørar, animatørar og formidlarar av film og spill i Noreg, som skal utvikle eit formidlingsopplegg med intensjon eller avtale om å turnere i DKS.

Kven kan søke

  • Organisasjonar, stiftelsar eller selskap registrert i Einingsregisteret (inkludert enkeltpersonføretak).
  • Søkaren skal kunne dokumentere tilfredsstillande økonomisk, fagleg og praktisk evne til å gjennomføre prosjektet og vere ansvarleg for rekneskapen i prosjektet.

Dette kan du søke om

  • Du kan søke om tilskot til å utvikle formidlingsopplegg knytt til film eller dataspel.
  • Søknaden kan gjelde formidlingsopplegg som skal sendes som forslag til DKS-portalen innan 1. oktober, eller formidlingsopplegg som du allereie har avtale med DKS om å turnere kommande skoleår.
  • Formidlingsopplegg som allereie har vore ute på turné i skolen kan ikkje søke.

Vilkår for tilskot

  • Du må sende inn søknaden før du begynner å utvikle formidlingsopplegget.
  • Søknaden og søknadsdokumenta skal vere på norsk. NFI kan gjere unntak frå språkkravet på heile eller delar av søknaden. Du må søke rådgivar om dette før du sender søknaden.
  • Du må ha avtale eller intensjonsavtale om produksjon av formidlingsopplegget med ein DKS-produsent på kommunalt eller fylkeskommunalt nivå. 

Prioritering og vekting av søknaden

Vi gjer ei heilskapleg skjønnsmessig vurdering av søknadane opp mot kvarandre og legg særleg vekt på:

  • Pedagogisk profil
    I vurderinga blir det lagt vekt på formidlingsopplegga sine framstillingar av film som kunstnarleg og filmfagleg uttrykk, og korleis filmens tematikk, språk og estetikk blir formidla på ein måte som skaper engasjement, medverknad og refleksjon hos elevane.
  • Relevans og representativitet
    I denne vurderinga blir det lagt vekt på i kva grad prosjekta speglar mangfaldet i samfunnet, både tematisk, kulturelt og geografisk, og korleis dei er relevante for målgruppa sine erfaringar og interesser.
  • Prosjektets gjennomførbarheit
    Planen for utvikling og gjennomføring skal vere realistisk, med tydeleg tidsplan og budsjett, tilpassa rammene i Den kulturelle skulesekken.
  • Erfaring og kompetanse
    Her blir det lagt vekt på søkarane sin erfaring, kompetanse og eventuelle gjennomføringar av prosjekt av tilsvarande omfang.

Vi kan prioritere å gi tilskot til utvikling av produksjonar som:

  • Ikkje tidlegare har turnert i Den kulturelle skulesekken
  • Blir testa ut på målgruppa/har aktiv elevmedverking
  • Har ein innovativ formidling til målgruppa
  • Framhevar filmens/dataspelets særpreg som medium
  • Finn stad utanfor de store byene
  • Er retta mot 1.-4. klasse

Meir om ordninga

Kontaktpersoner

Foto. Mann ser inn i kamera.

Stig Andresen

Rådgiver formidling