Hopp til hovedinnhold

Distribusjon av utanlandsk kvalitetsfilm

NFI gir tilskot til distribusjon av utanlandsk kvalitetsfilm på kino og andre visningsplattformer i Noreg. Denne tilskotsordninga rettar seg mot etablerte norske filmdistributørar. 

Kven kan søke

  • Organisasjonar, stiftelsar eller selskap registrert i Einingsregisteret, som distribuerer utanlandsk film av høg kulturell verdi og kunstnarisk kvalitet til Noreg.
  • Søkaren skal kunne dokumentere tilfredsstillande økonomisk, fagleg og praktisk evne til å gjennomføre prosjektet.
  • For å søke om pakketilskot må selskapet kunne vise til relevant erfaring frå dei siste tre åra.

Dette kan du søke om

  • Tilskot omfattar kostnader til distribusjon og marknadsføring for heile distribusjonsløpet til filmen: På kino, video og andre plattformer.
  • Du kan søke om pakketilskot og/eller enkelttilskot

Vilkår for tilskot

  • Filmen må ha en varigheit på 60 minuttar eller meir, men kan omfatte ei samling av kortfilmar med tilsvarande total lengde.
  • Distributøren må dokumentere rettar til dei formata og plattformene filmen skal lanserast på. Rettane må minimum vere på 6 månader.
  • Filmen som tilskotet blir brukt til skal vere tilgjengeleg for alle plattformer/visningsstader som ønsker å vise filmen offentleg til ordinære marknadsmessige vilkår. Du kan til dømes ikkje avgrense visning til visningsplattformer du sjølv er eigar av, eller har vesentlege forretningsmessige bindingar til.
  • Filmar som tilskotet nyttast til må ha med NFIs vignett i fortekst, og NFIs logo i promomateriell. Vignetten kan brukast i forteksten til utanlandske filmar som har mottatt tilskot til distribusjon av NFI. Last vignetten ned her.
  • Filmar som tilskotet nyttas til skal leverast digitalt til Nasjonalbiblioteket med norske undertekster.

Prioritering og vekting av søknaden

Pakketilskot: 

Vi gjer ei heilskapleg skjønnsmessig vurdering av søknadane opp mot kvarandre og legg særleg vekt på: 

  • Korleis eit planlagt repertoar av film bidrar til måloppnåing for ordninga gjennom ein tydeleg lanseringsstrategi og konkrete planar for strategiske samarbeid med relevante aktørar
  • Det planlagde repertoaret blir vurdert i lys av tidlegare resultat, og i kva grad søkar tidlegare har distribuert film som svarar til formålet med ordninga
  • Eit planlagt repertoar som inneheld ein eller fleire filmar for barn eller unge som kvalifiserer til ordninga kan bli prioritert. 

Enkelttilskot: 

Vi gjer ei heilskapleg skjønnsmessig vurdering av søknaden og legg særleg vekt på:

  • Korleis filmen bidrar til måloppnåing for ordninga gjennom ein tydeleg lanseringsstrategi og konkrete planar for strategiske samarbeid med relevante aktørar både i og utanfor filmfeltet.
  • Filmar for barn eller unge som kvalifiserer til ordninga, og med ein tydeleg og målretta lanseringsstrategi, vil bli prioriterte.
  • Tidlegare resultat, i kva grad søkar har distribuert film som svarar til formålet med ordninga. 

Meir om ordninga

Kontaktpersoner

Foto. Mann ser inn i kamera.

Stig Andresen

Rådgiver formidling