Hopp til hovedinnhold

Etterhandstilskot

NFI gir etterhandstilskot til kinofilmar som har mottatt førehandstilskot frå NFI eller regional filmforvaltar – eller som har fått førehandsgodkjenning for etterhandstilskot etter søknad i 2020 eller tidlegare. Etterhandstilskotet er ei automatisk ordning som blir utløyst etter eit visst tal selde kinobillettar i Noreg. Ordninga er retta mot uavhengige produsentar med spelefilm eller dokumentarfilm som primært skal visast på kino i Noreg.

Kven kan søke

  • Søkaren skal vere et uavhengig produksjonsselskap som er etablert i Noreg eller i eit anna EØS-land, og som har audiovisuell produksjon som hovudformål.
  • Produksjonsselskapet kan ikkje ha det offentlege som hovudeigar eller ha vesentlege forretningsmessige forbindelsar til prosjektets primære visningsplattform.
  • Føretaket må vere organisert som aksjeselskap og vere registrert i det norske einings- eller føretaksregisteret.
  • Søkaren skal kunne dokumentere tilfredsstillande økonomisk, fagleg og praktisk evne til å gjennomføre prosjektet og vere ansvarleg for rekneskapen i prosjektet. Sjå også vilkår for tilskot.

Dette kan du søke om

  • Etterhandstilskot er eit etterskotsvis produksjonstilskot.
  • Ordninga er automatisk, og det blir gitt tilskot proporsjonalt med produsentens billettinntekt om vilkåra for ordninga er oppfylte. 

Vilkår for tilskot

  • Du skal samtidig med søknad om produksjonstilskot oppgi om du søker etterhandstilskot. På grunnlag av denne søknaden får du førehandsgodkjenning om etterhandstilskot dersom vilkåra for tilskot elles er oppfylte.
  • Filmen må ha fått produksjonstilskot frå NFI i samsvar med forskrift om audiovisuell produksjon §§ 3-6 eller 3-7, eller ha fått produksjonstilskot etter § 3-6 frå ein eller fleire regional tilskotsforvaltar, så sant dei regionale produksjonstilskota utgjer minst 25% av utviklings- og produksjonsbudsjettet eller minimum 3 millionar kroner eller meir. Ved utrekning av om terskelen er oppnådd, kan og tilskot frå regionale tilskotsforvaltarar tildelte før 2026 takast med.
  • Filmen må ha selt minimum 10 000 billettar i ordinær kinodistribusjon i Noreg. Terskelen gjeld for filmar med premiere frå og med 1. januar 2026.
  • For filmar med premiere før 1. januar 2026 gjeld billettgrensa som er fastsett i tilskotsbrevet.
  • For filmar utan førehandstilskot søkt førehandsgodkjenning for etterhandstilskot før 1. januar 2021 og som har fått innvilga slik førehandsgodkjenning vil terskelen vere angitt i førehandsgodkjenninga, og vere på enten 35.000 eller 10.000 billettar.
  • Filmar med tilskot frå NFIs insentivordning kan ikkje søke om etterhandstilskot.
  • Dersom filmen har fått førehandstilsegn om etterhandstilskot frå NFI, er fristen for å sende endeleg søknad om etterhandstilskot seinast 4 veker før premiere. Dersom fristen ikkje blir overhalden bortfell retten til etterhandstilskotet.
  • Dersom filmen har mottatt regionalt tilskot som kvalifiserer for etterhandstilskot, skal søknad om etterhandstilskot sendast til NFI innan innsending av dokumentasjon av fullfinansiering til regional tilskotsforvaltar og før igangsetting av produksjonsfasen.
  • For filmar med førehandsgodkjenning av etterhandstilskot innsendt og bekrefta i 2020 eller tidlegare, og for filmar med produksjonstilskot frå NFI vedtatt før 1. januar 2021, skal det sendast inn endeleg søknad om etterhandstilskot seinast fire veker før kinopremiere. Dersom fristen ikkje blir overhalden, bortfell retten til etterhandstilskotet.

Prioritering og vekting av søknaden

Etterhandstilskotet er ei automatisk ordning. Dersom vilkåra for tilskot er oppfylt vil du få etterhandstilskot. Det blir derfor ikkje gjort prioritering og vekting av søknaden opp mot andre søknader om etterhandstilskot.

 

Meir om ordninga

Kontaktpersoner

Foto. Kvinne ser mot kamera

Salma Reiermark Karoliussen

Produksjonsrådgiver