Hopp til hovedinnhold

Produksjon av dramaserie etter kunstnarisk vurdering

NFI gir tilskot til å skape nye dramaseriar innanfor alle sjangrar og for alle målgrupper. Ordninga er retta mot produsentar av norske dramaseriar, og skal bidra til å skape seriar av høg kunstnarisk kvalitet og kulturell verdi.

Kven kan søke

  • Søkaren skal vere eit uavhengig produksjonsselskap som er etablert i Noreg eller i eit anna EØS-land, og som har audiovisuell produksjon som hovudformål.
  • Produksjonsselskapet kan ikkje ha det offentlege som hovudeigar eller ha vesentlege forretningsmessige forbindelsar til prosjektets primære visningsplattform.
  • Føretaket må vere organisert som aksjeselskap og vere registrert i det norske einings- eller føretaksregisteret.
  • Søkaren skal kunne dokumentere tilfredsstillande økonomisk, fagleg og praktisk evne til å gjennomføre prosjektet og vere ansvarleg for rekneskapen i prosjektet. Sjå også vilkår for tilskot.

Dette kan du søke om

  • Du kan søke om produksjonstilskot med eit ferdig utvikla prosjekt.

Vilkår for tilskot

  • Du må sende inn søknaden før du begynner på arbeidet som du søkar tilskot til, og du må ha inngått ein forpliktande avtale med ei visningsplattform om vesentleg finansiering av prosjektet.
  • Søknaden og søknadsdokumenta skal vere på norsk. NFI kan gjere unntak frå språkkravet på heile eller delar av søknaden. Du må søke produksjonsfagleg rådgivar om dette før du sender søknaden.
  • Nøkkelpersonar i prosjektet må ha betydeleg erfaring innan sitt fagfelt
  • Søknaden må normalt gjelde ein fiksjonsbasert dramaserie (eit verk), som minimum består av tre episodar med lengde på minimum éin kommersiell halvtime.
  • Visningsplattforma må vere tilgjengeleg for alle i Noreg, og ha ein brei marknadsandel i Noreg.
  • Dersom det er søkt med same prosjekt i denne ordninga meir enn to gonger tidlegare, skal det leverast ein oversikt over kva substansielle endringar som er gjort i prosjektet sidan førre søknad.
  • Prosjektet skal følgje Nordic Ecological Standard (NES). Kravet gjeld ikkje dersom produksjonsbudsjettet til prosjektet er lågare enn 1 000 000 kroner på søknadstidspunktet.

Prioritering og vekting av søknaden

Vi gjer ei heilskapleg skjønnsmessig vurdering av søknadane opp mot kvarandre og legg særleg vekt på:

  • Forteljetekniske, produksjons- og marknadsmessige forhold, med særleg vekt på den kunstnariske kvaliteten og prosjektets relevans i si samtid. NFIs kunstnariske kvalitetskriterier blir nytta som eit verktøy i utveljinga. Les meir om de kunstnariske kvalitetskriteria her.  
  • Vi vil prioritere tilskot som bidrar til å løfte seriens kvalitetar utover det dei respektive visningsplattformene bidrar med.
  • Vi kan prioritere seriar retta mot målgruppa barn og unge, samt originalskrivne seriar og produksjonar med internasjonalt potensial.
  • Vi kan prioritere prosjekt som bidrar til betre kjønnsbalanse.
  • Vi kan prioritere prosjekt som bidrar til auka mangfald og representativitet.
     

Meir om ordninga

Tidlegare tildelinger i denne ordninga

Tildelinger
Fantasy Resort - et rekviem for Reality
Les mer
Dato for vedtak: 30. apr. 2026 Søker: ANTI AS Tildelt:  5 000 000,- Regissør: Sebastian Kåss Produsent: Ingunn Rensel Manus: Benjamin Berglund, Emmeline Berglund Tilskuddsområde: Produksjon Tilskuddsordning: Produksjon av dramaserie etter kunstnerisk vurdering
Grønne fingre
Les mer
Dato for vedtak: 30. apr. 2026 Søker: RUBICON PRODUKSJON AS Tildelt:  5 000 000,- Regissør: Eva Sørhaug Produsent: Ivar Køhn Manus: Lars Gudmestad, Harald Rosenløw Eeg Tilskuddsområde: Produksjon Tilskuddsordning: Produksjon av dramaserie etter kunstnerisk vurdering
RINNAN
Les mer
Dato for vedtak: 9. okt. 2025 Søker: Miso Film Norge as Tildelt:  6 000 000,- Regissør: Kenneth Karlstad Produsent: Are Heidenstrøm, Kristin Ulseth Manus: Eirik M. Holsve, Øyvind Holtmon Tilskuddsområde: Produksjon Tilskuddsordning: Produksjon av dramaserie etter kunstnerisk vurdering
Gud er norsk
Les mer
Dato for vedtak: 9. okt. 2025 Søker: FENOMEN TV FILM OG SCENE AS Tildelt:  7 100 000,- Regissør: Daniel Fahre Produsent: Knut Inge Solbu Manus: Linn-Jeanethe Kyed Tilskuddsområde: Produksjon Tilskuddsordning: Produksjon av dramaserie etter kunstnerisk vurdering
LIS
Dato for vedtak: 18. mar. 2025 Søker: RUBICON PRODUKSJON AS Tildelt:  10 000 000,- Regissør: Eirik Svensson Produsent: Per Berge Engebretsen Manus: Karianne Lund, Hege Gaarder Nordlie Tilskuddsområde: Produksjon Tilskuddsordning: Produksjon av dramaserie etter kunstnerisk vurdering
MANNDAG S2
Dato for vedtak: 25. nov. 2024 Søker: FRIDTJOF JOSEFSEN AS Tildelt:  400 000,- Regissør: Ole Martin Hafsmo Produsent: Elisabeth Kvithyll Manus: Fridtjof Stensæth Josefsen Tilskuddsområde: Produksjon Tilskuddsordning: Produksjon av dramaserie etter kunstnerisk vurdering
Henki
Dato for vedtak: 25. nov. 2024 Søker: Klynge AS Tildelt:  6 600 000,- Regissør: Erika Calmeyer Produsent: Esben Selvig Manus: Harald Rosenløw Eeg, Jan Trygve Røyneland Tilskuddsområde: Produksjon Tilskuddsordning: Produksjon av dramaserie etter kunstnerisk vurdering
NEPOBABY
Dato for vedtak: 25. nov. 2024 Søker: ELDORADO CONTENT CLUB AS Tildelt:  4 000 000,- Regissør: Gunnar Vikene Produsent: IDA HÅNDLYKKEN KVERNSTRØM, Bård Ljones Fjulsrud Manus: Tina Rygh, Siri Seljeseth, Henriette Steenstrup Tilskuddsområde: Produksjon Tilskuddsordning: Produksjon av dramaserie etter kunstnerisk vurdering
Ølhunden Berit
Dato for vedtak: 2. mai 2024 Søker: MAIPO FILM AS Tildelt:  4 500 000,- Regissør: Gjyljeta Berisha, Thomas Seeberg Torjussen Produsent: Christian Fredrik Martin, Synnøve Hørsdal Manus: Thomas Seeberg Torjussen Tilskuddsområde: Produksjon Tilskuddsordning: Produksjon av dramaserie etter kunstnerisk vurdering
Rekviem for Selina
Dato for vedtak: 2. mai 2024 Søker: ANTI AS Tildelt:  1 980 000,- Regissør: Rikke Gregersen, Ole Sebastian Kåss Produsent: Ingunn Rensel Manus: Emmeline Berglund Tilskuddsområde: Produksjon Tilskuddsordning: Produksjon av dramaserie etter kunstnerisk vurdering

Kontaktpersoner

Ansatte i NFI Linn Kirkenær foto david malmbekk NFI 2

Linn Kirkenær

Produksjonsrådgiver