Hopp til hovedinnhold

Samproduksjon av spelefilm med utanlandsk hovudprodusent

NFI gir tilskot til samproduksjon av spelefilm med utanlandsk hovudprodusent. Ordninga er retta mot norske spelefilmprodusentar som ønsker å samprodusere med utanlandsk hovudprodusent, og skape spelefilmar innan alle sjangrar og for alle målgrupper.

Kven kan søke

  • Søkaren skal vere eit uavhengig produksjonsselskap som er etablert i Noreg eller i eit anna EØS-land, og som har audiovisuell produksjon som hovudformål
  • Søkar må vere prosjektets minoritetsprodusent.
  • Produksjonsselskapet kan ikkje ha det offentlege som hovudeigar eller ha vesentlege forretningsmessige forbindelsar til prosjektets primære visningsplattform.
  • Søkaren skal kunne dokumentere tilfredsstillande økonomisk, fagleg og praktisk evne til å gjennomføre prosjektet og vere ansvarleg for rekneskapen i prosjektet. Sjå også vilkår for tilskot.
  • Føretaket må vere organisert som aksjeselskap og vere registrert i det norske einings- eller føretaksregisteret 

Dette kan du søke om

  • Du kan søke om tilskot til produksjon.

Vilkår for tilskot 

  • Du må sende inn søknaden før du begynner på arbeidet som du søkar tilskot til.
  • Du må som minoritetsprodusent ha eigardel i det audiovisuelle verket.
  • Nøkkelpersonar i prosjektet må ha betydeleg profesjonell erfaring innan sitt fagfelt.
  • Prosjektet må oppnå minimumskravet i poengskjema for samproduksjonar. Du finn lenke til poengskjema under relevante malar lenger ned på sida.
  • Prosjektet må vere godkjent som kulturprodukt i opphavslandet eller av NFI. For søkarar med hovudprodusent frå land utan kompetent myndigheit til slik godkjenning, vil tilskotsforvaltar vurdere om prosjektet er eit kulturprodukt.
  • Produsenten må ha inngått ein intensjonsavtale med ein distributør for kino eller anna dokumenterbar visningsplattform. Visningsplattforma må vere tilgjengeleg for alle i Noreg, og ha ein brei marknadsandel i Noreg.
  • Dersom det er søkt med same prosjekt i denne ordninga meir enn to gonger tidlegare, skal det leverast ein oversikt over kva substansielle endringar som er gjort i prosjektet sidan førre søknad.
  • Prosjektet skal følgje Nordic Ecological Standard (NES). Kravet gjeld ikkje dersom produksjonsbudsjettet til prosjektet er lågare enn 1 000 000 kroner på søknadstidspunktet.

Prioritering og vekting av søknaden

Ved gjennomgang av poengskjema vurderast:

  • Samarbeid mellom produsentane
  • Prosjektets kreative og tekniske bidrag
  • Den norske andelen av filmens budsjett

NFI vil prioritere:

  • Filmar som har nasjonalt tilskot frå hovudprodusent
  • Filmar som viser kunstnarisk dristigheit eller nyskapning
  • Filmar som når eller utfordrar eit stort publikum i Noreg eller internasjonalt
  • Søkarar som er medlem av Den europeiske samproduksjonskonvensjonen og søkarar frå Canada, som Noreg har ein bilateral avtale med.

Vi kan prioritere prosjekt som bidrar til betre kjønnsbalanse.

Vi kan prioritere prosjekt som bidrar til auka mangfald og representativitet.

Meir om ordninga

Tidlegare tildelinger i denne ordninga

Tildelinger
Sterne
Les mer
Dato for vedtak: 15. jun. 2026 Søker: EYE EYE PICTURES AS Tildelt:  2 500 000,- Regissør: Kurdwin Ayub Produsent: Ulrick Seidel Manus: Kurdwin Ayub Tilskuddsområde: Produksjon Tilskuddsordning: Samproduksjon av spillefilm med utenlandsk hovedprodusent
Fandens Forår
Les mer
Dato for vedtak: 15. jun. 2026 Søker: FENOMEN STUDIOS AS Tildelt:  3 000 000,- Regissør: MIKKEL SERUP Produsent: META LOUISE FOLDAGER SØRENSEN, Morten Kjems Hytten Juhl Manus: NIKOLAJ ARCEL Tilskuddsområde: Produksjon Tilskuddsordning: Samproduksjon av spillefilm med utenlandsk hovedprodusent
The Kid
Les mer
Dato for vedtak: 15. jun. 2026 Søker: EYE EYE PICTURES AS Tildelt:  2 500 000,- Regissør: Baker Karim Produsent: Mimmi Spång Manus: Baker Karim Tilskuddsområde: Produksjon Tilskuddsordning: Samproduksjon av spillefilm med utenlandsk hovedprodusent
Young Vincent
Dato for vedtak: 11. des. 2025 Søker: Mikrofilm as Tildelt:  3 200 000,- Regissør: Jean van de Velde Produsent: Janneke van de Kerkhof Manus: Fabie Hulsebos Tilskuddsområde: Produksjon Tilskuddsordning: Samproduksjon av spillefilm med utenlandsk hovedprodusent
Another Journey Without Women
Dato for vedtak: 11. des. 2025 Søker: ALO FILM AS Tildelt:  3 000 000,- Regissør: Illum Jacobi Produsent: Katja Adomeit Manus: Illum Jacobi, Hans Frederik Jacobsen, Mads Stegger Tilskuddsområde: Produksjon Tilskuddsordning: Samproduksjon av spillefilm med utenlandsk hovedprodusent
Et sted der ute
Dato for vedtak: 11. apr. 2025 Søker: HUMMELFILM AS Tildelt:  3 600 000,- Regissør: Alexander Payne Produsent: Birgitte Skov Manus: Erlend Loe Tilskuddsområde: Produksjon Tilskuddsordning: Samproduksjon av spillefilm med utenlandsk hovedprodusent
Fjord
Les mer
Dato for vedtak: 11. apr. 2025 Søker: EYE EYE PICTURES AS Tildelt:  4 000 000,- Regissør: Cristian Mungiu Produsent: Cristian Mungiu Manus: Cristian Mungiu Tilskuddsområde: Produksjon Tilskuddsordning: Samproduksjon av spillefilm med utenlandsk hovedprodusent
The Entertainment System is Down
Dato for vedtak: 25. nov. 2024 Søker: EYE EYE PICTURES AS Tildelt:  3 000 000,- Regissør: Ruben Östlund Produsent: Erik Hemmendorff Manus: Ruben Östlund Tilskuddsområde: Produksjon Tilskuddsordning: Samproduksjon av spillefilm med utenlandsk hovedprodusent
Jeg, Dante og millionene
Dato for vedtak: 11. sep. 2024 Søker: Mikrofilm as Tildelt:  2 500 000,- Regissør: Linda Hambäck Produsent: Linda Hambäck Manus: Linda Hambäck, Jessika Jankert Tilskuddsområde: Produksjon Tilskuddsordning: Samproduksjon av spillefilm med utenlandsk hovedprodusent
The end of it
Dato for vedtak: 11. sep. 2024 Søker: EYE EYE PICTURES AS Tildelt:  3 000 000,- Regissør: Maria Martínez Bayona Produsent: Adrià Monés, Emilie Jouffroy Manus: Maria Martínez Bayona Tilskuddsområde: Produksjon Tilskuddsordning: Samproduksjon av spillefilm med utenlandsk hovedprodusent

Kontaktpersoner

Ansatte i NFI Benedikte Danielsen foto david malmbekk NFI 2

Benedikte Danielsen

Produksjonsrådgiver