Hopp til hovedinnhold

Neo idéutvikling

Debutantordninga Neo gir tilskot til prosjekt i langt format. Ordninga rettar seg mot debuterande regissørar og serieskaparar, og omfattar spelefilm, dokumentar, seriar og hybrid. Neo skal bidra til å realisere originale og nyskapande prosjekt av høg kunstnarisk kvalitet innanfor ei lågbudsjettsramme.

Kven kan søke

  • Du må ha registrert enkeltpersonføretak i det norske Einingsregisteret.
  • Unntaksvis kan det vere din andre film/serie, dersom du i din debut ikkje har fått vist ditt kunstnariske potensial.
  • Du må oppfylle eitt av følgande krav til utdanning eller yrkeserfaring:

Dette kan du søke om

  • Du kan søke om å utvikle idéen din i form av skriftleg og/eller visuelt materiale for å gjere synleg prosjektets potensial både cinematisk og dramaturgisk.
  • Det gis tilskot i éin fase.
  • Det gis ikkje tilskot til prosjekt som er i utvikling i andre ordningar hos NFI.

Reisekostnader knytt til Neo-samlingar og arrangement kan inkluderast i utviklingsbudsjettet.

Vilkår for tilskot

  • Du må sende inn søknaden før du begynner på arbeidet som du søkar tilskot til.
  • Søknaden og søknadsdokumenta skal vere på norsk. NFI kan gjere unntak frå språkkravet på heile eller delar av søknaden. Du må søke rådgivar om dette før du sender søknaden.
  • Dersom det er søkt med same prosjekt i denne ordninga meir enn to gonger tidlegare, skal det leverast ein oversikt over kva substansielle endringar som er gjort i prosjektet sidan førre søknad. 

Prioritering og vekting av søknaden

Vi vurderer prosjektet ut frå kunstnariske kvalitetar og ambisjonar, samt regissørens/manusforfattarens talent og erfaring. NFIs kunstnariske kvalitetskriterium blir brukt som verktøy i utveljinga. Les meir om dei kunstnariske kvalitetskriteria her.

  • Vi kan prioritere søkarar og prosjekt som bidrar til auka mangfald
  • Vi kan prioritere søkarar og prosjekt som bidrar til betre kjønnsbalanse
  • Vi kan prioritere filmskaparar som søker med sitt første prosjekt i langt format og prosjekt som ikkje har fått tilskot frå NFI tidlegare.
  • Vi kan prioritere nye idéar og prosjekt som har eit tydeleg lågbudsjettpotensial.
  • Vi kan prioritera prosjekt frå filmskaparar som kan visa til to eller fleire kortfilmar som har vore vist i et offisielt program ved ein av dei prioriterte festivalane, som nevnt over.

Meir om ordninga

Tidlegare tildelinger i denne ordninga

Tildelinger
Den Dydige
Les mer
Dato for vedtak: 19. aug. 2024 Søker: WAHL SKRIV & FILM Tildelt:  100 000,- Tilskuddsområde: Utvikling Tilskuddsordning: Neo idéutvikling
Big Deal
Les mer
Dato for vedtak: 10. mai 2022 Søker: HEDDA MJØEN Tildelt:  100 000,- Tilskuddsområde: Utvikling Tilskuddsordning: Neo idéutvikling

Kontaktpersoner

Foto. Kvinne ser inn i kamera

Jannicke Stendal Hansen

Talentkoordinator