Hopp til hovedinnhold

Neo utvikling

NFI gir tilskot til utvikling av spelefilm, serie eller dokumentar gjennom talentordninga Neo. Ordninga er retta mot debuterande regissørar/serieskaparar innan lengre format, der produsenten søker. Tilskotsordninga er ei lågbudsjettsordning for manifesterte talent innan fiksjon, dokumentar og hybrid.

Kven kan søke 

  • Søkaren skal vere eit uavhengig produksjonsselskap som er etablert i Noreg eller i eit anna EØS-land, og som har audiovisuell produksjon som hovudformål.
  • Produksjonsselskapet kan ikkje ha det offentlege som hovudeigar eller ha vesentlege forretningsmessige forbindelsar til prosjektets primære visningsplattform.
  • Føretaket må vere organisert som aksjeselskap og vere registrert i det norske einings- eller føretaksregisteret.
  • Søkaren skal kunne dokumentere tilfredsstillande økonomisk, fagleg og praktisk evne til å gjennomføre prosjektet og vere ansvarleg for rekneskapen i prosjektet. Sjå også vilkår for tilskot.

Dette kan du søke om 

Du kan søke om utviklingstilskot til eit eigendefinert utviklingsprosjekt i langt format for å synleggjere og styrke innhaldet og prosjektets potensiale.

Målet er å utvikle prosjekt innan desse områda, med hovudvekt på det første:

  • Det filmatiske innhaldet (manus, treatment, research) og visuelt konsept (storyboard, teaser, pilot, visuelt utdrag av prosjektet, utarbeideing av reginotat, visuelt/foto konsept, workshops/prøvefilming med cast mm.)
  • Produksjonell konseptualisering (casting, location scouting, utvikling av lågbudsjettramme, finne stab)
  • Publikumsinnsikt og posisjonering av prosjektet i marknaden
  • Finansiering
  • Umisteleg opptak

Det gis ikkje tilskot til prosjekt som er i utvikling i andre ordningar i NFI.

Reisekostnader knytt til Neo-samlingar og arrangement kan inkluderast med i utviklingsbudsjettet.

Vilkår for tilskot

  • Du må sende inn søknaden før opptaksstart og før du begynner på arbeidet som du søkar tilskot til.
  • Søknaden og søknadsdokumenta skal vere på norsk. NFI kan gjere unntak frå språkkravet på heile eller delar av søknaden. Du må søke produksjonsfagleg rådgivar om dette før du sender søknaden. 
  • Produsenten og nøkkelmedarbeidarar må ha 3-årig utdanning på bachelornivå i faget eller relevant og dokumenterbar filmfagleg erfaring innanfor sitt fagfelt.
  • Produksjonsselskap og/eller produsent må ha gjennomført og distribuert minimum éin produksjon med tilskot frå NFI, regionale filmsenter eller fond. 
  • Dersom det er søkt med same prosjekt i denne ordninga meir enn to gonger tidlegare, skal det leverast ein oversikt over kva substansielle endringar som er gjort i prosjektet sidan førre søknad.

Prioritering og vekting av søknaden

Vi gjer ei heilskapleg skjønnsmessig vurdering av søknadane opp mot kvarandre og legg særleg vekt på:

  • Kunstnariske kvalitetar, visjonar og ambisjonar i prosjektet. NFIs kunstnariske kvalitetskriterier blir nytta som eit verktøy i utveljinga.  
  • Regissørens talent og erfaring,
  • Produsentens gjennomføringsevne i langt format

Vi kan prioritere søkarar og prosjekt som bidrar til auka mangfald.

Vi kan prioritere søkarar og prosjekt som bidrar til betre kjønnsbalanse.

Vi kan prioritere filmskaparar som søker med sitt første prosjekt i langt format.

Vi kan prioritere prosjekt som bidrar til kunstnarisk vågemot, variasjon og kvalitet i filmtilbodet.

Meir om ordninga

Tidlegare tildelinger i denne ordninga

Tildelinger
UNGDOM
Dato for vedtak: 5. jun. 2026 Søker: 4 1/2 FICTION AS Tildelt:  400 000,- Regissør: Elida Helgeland Produsent: Filippa Lenth, Emelie Alsaker Synnes, Håkon Øverås, Peter Theisen Amlie, Jenny Buxrud Manus: Vilmer Georgsson, Elida Helgeland Tilskuddsområde: Utvikling Tilskuddsordning: Neo utvikling
Til Vinteren
Dato for vedtak: 1. jun. 2026 Søker: 4 1/2 FICTION AS Tildelt:  150 000,- Regissør: Tor Einstadbland Produsent: Håkon Øverås Manus: Tor Einstadbland Tilskuddsområde: Utvikling Tilskuddsordning: Neo utvikling
Reconstructing Alex
Dato for vedtak: 27. mai 2026 Søker: TALLFILM AS Tildelt:  270 000,- Regissør: Alexander Gudmestad Produsent: Nils Petter Devold Midtun Manus: Alexander Gudmestad Tilskuddsområde: Utvikling Tilskuddsordning: Neo utvikling
Pappas kamp for Syver
Dato for vedtak: 8. mai 2026 Søker: WESTORY AS Tildelt:  400 000,- Regissør: Idun Aalbu Rasmussen Produsent: Hilde Nerland, Marie Helene Høyberg Manus: Idun Aalbu Rasmussen, Marie Helene Høyberg Tilskuddsområde: Utvikling Tilskuddsordning: Neo utvikling
BORGELIG TUSSMØRKE
Dato for vedtak: 28. apr. 2026 Søker: AFFEKT AS Tildelt:  350 000,- Regissør: Marte Vold Produsent: Marte Vold, Ragna Midtgard Manus: Marte Vold Tilskuddsområde: Utvikling Tilskuddsordning: Neo utvikling
Øy
Dato for vedtak: 23. apr. 2026 Søker: BACON PICTURES OSLO AS Tildelt:  400 000,- Regissør: Tobias Klemeyer Smith Produsent: Rebekka Rognøy Manus: Tobias Klemeyer Smith Tilskuddsområde: Utvikling Tilskuddsordning: Neo utvikling
Morgenfugl og Murmeldyr på Eventur
Dato for vedtak: 23. apr. 2026 Søker: Mikrofilm as Tildelt:  350 000,- Regissør: Annette Saugestad Helland Produsent: Tonje Skar Reiersen, Lise Fearnley Manus: Annette Saugestad Helland Tilskuddsområde: Utvikling Tilskuddsordning: Neo utvikling
Summer of Jesus
Dato for vedtak: 16. apr. 2026 Søker: AMARCORD AS Tildelt:  206 400,- Regissør: Tatiana Delaunay Produsent: Renée Hansen Mlodyszewski, Thomas Robsahm Manus: Tatiana Delaunay Tilskuddsområde: Utvikling Tilskuddsordning: Neo utvikling
Transaksjoner
Dato for vedtak: 16. apr. 2026 Søker: PARADOX RETTIGHETER AS Tildelt:  150 000,- Regissør: Ivar Aase Produsent: Thea Røhr Østvold, Finn Gjerdrum Manus: Ivar Aase, Erik Ivar Sæther Tilskuddsområde: Utvikling Tilskuddsordning: Neo utvikling
God årgang
Dato for vedtak: 13. apr. 2026 Søker: MAIPO FILM AS Tildelt:  125 000,- Regissør: André Chocron Produsent: Petter Onstad Løkke Manus: André Chocron, Harald Mæle jr Tilskuddsområde: Utvikling Tilskuddsordning: Neo utvikling

Kontaktpersoner

Foto. Kvinne smiler

Helen Prestgard

Produksjonsrådgiver

Ansatte i NFI Linn Kirkenær foto david malmbekk NFI 2

Linn Kirkenær

Produksjonsrådgiver