Hopp til hovedinnhold

Rammetilskot

NFI gir rammetilskot til norske produksjonsselskap basert på selskapets samla aktivitet og/eller tidlegare resultat for eit prosjekt. Gode kunstnariske og kommersielle resultat premieres, i tillegg til at det blir lagt vekt på føretakets soliditet og likestilling i prosjekter og føretak. Rammetilskotet utgjer ein pott tilskotsmidlar som framtidig utvikling hentar midlar frå så langt rammetilskotet rekk. Dette gjeld utvikling innan NFIs utviklingsordningar for alle format, med unntak av idé- og manusutviklingsordningar, spelutvikling og Neo. Rammetilskot blir gitt basert på føretakets samla aktivitet siste fem år, og/eller tidlegare resultat oppnådd i eit prosjekt det siste året.

Kven kan søke

  • Søkaren skal vere eit uavhengig produksjonsselskap som er etablert i Noreg eller i eit anna EØS-land, og som har audiovisuell produksjon som hovudformål.
  • Produksjonsselskapet kan ikkje ha det offentlege som hovudeigar eller ha vesentlege forretningsmessige forbindelsar til prosjektets primære visningsplattform.
  • Føretaket må vere organisert som aksjeselskap og vere registrert i det norske einings- eller føretaksregisteret.
  • For å søke om tilskot basert på samla aktivitet må føretaket ha produsert minst éin spelefilm, dokumentar eller serie med nasjonal og internasjonal distribusjon i løpet av dei siste tre åra.
  • Etter tildeling vil tilskot frå ramma utløysast gjennom søknader om prosjekttilskot. Desse søknadene må oppfylle vilkåra for tilskot i forskrifta kapittel 3. Det inneber mellom anna at søkaren skal kunne dokumentere tilfredsstillande økonomisk, fagleg og praktisk evne til å gjennomføre prosjektet og vere ansvarleg for prosjektets rekneskap. Sjå også vilkår for tilskot.

Dette kan du søke om

  • Du kan søke om rammetilskot til utvikling av framtidige prosjekt, basert på selskapets samla aktivitet og/eller basert på tidlegare resultat i eit prosjekt.
  • Søknadsskjemaet har tre moduler, og du kan velje kor mange av modulane du søker i:
    • Samla aktivitet for spelefilm og dramaseriar
    • Samla aktivitet for dokumentar
    • Enkeltståande resultat i eit prosjekt innan alle formater og sjangrar
  • Resultatet oppnådd i kvar av desse modulane blir lagt saman som tilskotsmidlar i eit rammetilskotsbrev.  
  • Tilskotsmidlane utgjer ein pott som alle framtidige søknader i alle NFIs utviklingsordningar skal hente midlar frå, så langt rammetilskotet rekk.
  • Du kan ikkje hente midlar frå rammetilskotet til idé- og manusutviklingsordningar, spelutvikling og Neo.
  • Les meir om kva regler som gjeld for bruken av rammetilskotet under Meir om ordninga lenger ned på sida.

Vilkår for tilskot

  • Søknaden og søknadsdokumenta skal vere på norsk. NFI kan gjere unntak frå språkkravet på heile eller delar av søknaden. Du må søke produksjonsfagleg rådgivar om dette før du sender søknaden.
  • Søker du basert på samla aktivitet, skal resultata vere oppnådd dei siste fem åra for produksjonar med premiereår 2020 eller seinare, og innan søknadsfrist inneverande år.
  • Søker du basert på tidlegare resultat for eit prosjekt, skal resultatet vere oppnådd mellom 01.11.2024 og innan søknadsfrist inneverande år. Enkeltresultat oppgitt eitt år kan ikkje utløyse poeng/tilskot i seinare års rammetilskotssøknadar.
  • Alle resultat må vere dokumenterbare.
  • Dersom eit produksjonsforetak har fleire underliggande føretak/dotterselskap, eller har organisert produksjonen i spesielt oppretta føretak for enkeltproduksjonar, kan resultata frå desse bli inkludert i føretakets samla resultat og som føretakets enkeltresultat. Føresetnaden er at det er openbert at dei underliggande eller assosierte føretaka framstår som eitt produksjonsføretak.
  • Kortfilmprodusentar som har oppnådd resultat som enkeltpersonføretak og som før søknadsfristen har oppretta aksjeselskap, kan søke med enkeltresultat i eit prosjekt oppnådd før føretaket vart omgjort til aksjeselskap.  Føresetnaden er at selskapet utad framstår som det same som det tidlegare føretaket.
  • Du kan søke rammetilskot på nyaste utlysing sjølv om du har gjenverande midlar frå tidlegare rammetilskot.
  • Resultata som blir lagt til grunn for søknaden, må gjelde kulturprodukt som oppfyller minst tre av dei fire punkta i kulturtesten. +

Prioritering og vekting av søknaden

  • Søknadene blir prioriterte basert på total poengsum for oppnådde kunstnariske og/eller kommersielle resultat.
  • Poenga blir rekna ut ved at poengsummen i kvar kategori blir summert til ein total for føretaket innanfor kvar søknadsmodul.
  • Tilskot basert på samla aktivitet:
    • Likestilling (maksimalt 20 poeng)
    • Føretakets soliditet (maksimalt 20 poeng)
    • Kunstnariske resultat (maksimalt 30 poeng)
    • Kommersielle resultat (maksimalt 30 poeng)
  • I modulen for tidlegare resultat for eit prosjekt er det fastsett mål for film og seriar innanfor festivalar, prisar, økonomiske resultat, produksjonsmessige resultat og publikumsrelaterte resultat, som det gis poeng ut frå. Lista over poenggivande resultat ligg i søknadsskjemaet i portalen.
  • Prosjekt som kvalifiserer til poeng for tidlegare resultat for eit prosjekt må enten vere i produksjon, eller ha hatt premiere ikkje tidlegare enn to år før søknadsfristen. Alle poenggivande resultat må vere oppnådd mellom 1.11.2024 og søknadsfrist inneverande år. Det kan vere mange oppnådde resultat per film/serie. Der resultatet ikkje er allment kjent skal det leggast ved dokumentasjon.
  • Fleire stader i søknadsskjema kan ein oppgi prosjekt som er i produksjon. Med å vere «i produksjon» meinast prosjekt som tilfredsstiller krava NFI normalt stiller for utbetaling av første rate (rate som dokumenterer fullfinansiering) på produksjonstilskot.

Meir om ordninga

Tidlegare tildelinger i denne ordninga

Tildelinger
Ingen resultater

Kontaktpersoner

Foto. Kvinne smiler

Helen Prestgard

Produksjonsrådgiver