Hopp til hovedinnhold

Innkjøpsordninga for film

NFI kjøper inn norske kort- og dokumentarfilmar til biblioteka. Denne ordninga rettar seg mot til produsentar av norsk kort- og dokumentarfilm. Søker må ha rettane til å selja filmen.

Kven kan søke

  • Søkar må vere registrert i Einingsregisteret.

Dette kan du søke om

Du kan søke om innkjøp av film for digital distribusjon i ein periode som gjeld i fem år. Filmane blir gjort tilgjengelege for bibliotekets låntakarar i strøymetenesta Filmbib.

Vilkår for innkjøp 

  • Du må ha alle rettane til å selje filmen i 5 år.
  • Filmen må ha hatt offentlig premiere i løpet av dei siste 6 åra.
  • Filmen må ha dokumentert offentleg distribusjon på kino, festivalar, tv eller internett. (Private visningar gjeld ikkje. Se retningslinjene).

For at filmen skal kunne bli kjøpt inn blir det stilt krav til innlevering:

  • Digital filmfil skal leverast i Quicktime Prores HQ eller i tilsvarande kvalitet, med 2.0 lyd. I tillegg må du levere norske undertekster. Etter innkjøp skal produsenten laste opp filene i publiseringsverktøyet Organizer innan ein månad.
  • Musikkrapport over dei musikalske verka som eventuelt blir brukt i filmen skal listast opp med tittel, namn på musikarar/artistar og komponistar.
  • Det skal leverast høgoppløyseleg filmplakat og to-tre stillbilete som kan brukast til presentasjonar av filmen, i undervisningsopplegg, på nett og i sosiale medium.
  • Namn på regissør, manusforfattar og andre fagfunksjonar skal fyllast ut i eige skjema for innkjøpsordninga hos Norsk filmforbund, som fordeler individuelle vederlag til rettshavarar utover produsent, etter Filmforbundets fordelingsnøkkel.

Prioritering og vekting av søknader

Utvalet ser etter filmar som har høg kunstnerisk kvalitet og en profesjonell teknisk standard.

I tillegg gjer utvalet ei samla vurdering av:

  • Mangfald
  • 20% av filmane som kjøpes inn bør være egna for barn (aldersgruppe 3 –12 år)
  • Norsk eller samisk språk

Meir om ordninga

Kontaktpersoner

Foto. Kvinne ser inn i kamera.

Marianne Hjerpseth

Seksjonsleder publikum og gjennomslag

Ansatte i NFI Simon Kvame foto david malmbekk NFI 2

Simon Kvame

Publikums- og lanseringsrådgiver