Hopp til hovedinnhold

Lansering av film og seriar i utlandet

NFI gir tilskot til lansering av filmar og seriar i Noreg. Denne tilskotsordninga rettar seg til deg som er uavhengig produsent og skal lansere ein film eller serie på festival, salsmarknad eller annan relevant arena internasjonalt.

Kven kan søke

  • Søkaren skal vere eit uavhengige produksjonsselskap som er etablert i Noreg eller i eit anna EØS-land, og som har audiovisuell produksjon som hovudformål.
  • Produksjonsselskapet kan ikkje ha det offentlege som hovudeigar eller ha vesentlege forretningsmessige forbindelsar til prosjektets primære visningsplattform.
  • Føretaket må vere organisert som aksjeselskap og vere registrert i det norske einings- eller føretaksregisteret.
  • Søkaren skal kunne dokumentere tilfredsstillande økonomisk, fagleg og praktisk evne til å gjennomføre prosjektet og vere ansvarleg for rekneskapen i prosjektet.

Det kan i særlege tilfelle gjerast unntak frå kravet om at føretaket ikkje kan ha det offentlege som hovudeigar.

Det kan etter ei nærare vurdering verte godteke at søker har ei anna organisasjonsform eller ikkje har nøkkelmedarbeidarar med betydeleg profesjonell erfaring. I vurderinga skal det leggast vekt på prosjektets størrelse, kompleksitet og budsjett

Dette kan du søke om

  • Du kan søke om tilskot til lansering av audiovisuelle verk på festivalar, salsmarknader eller andre relevante arenaer. Sjå lista over prioriterte festivalar og marknader.

Vilkår for tilskot 

  • Du må sende inn søknaden før du begynner på arbeidet du søkar tilskot til.
  • Søknad og søknadsdokument skal vere på norsk, dansk eller svensk. NFI kan gjere unntak frå språkkravet for heile eller delar av søknaden. Dette må avklarast med rådgivar før innsending.
  • Lanseringstilskot for festival rettar seg mot prosjekt som er ferdig produsert og i sin primære lanseringsfase. For lansering i utlandet betyr det normalt innan 12 månader etter norsk eller internasjonal premiere eller utgiving.
  • For lansering på salsmarknader er det tilstrekkeleg at det er tatt produksjonsavgjerd.
  • Produsenten må som hovudregel vere til stades på salsmarknadene/messene.

Prioritering og vekting av søknaden

Vi gjer ei heilskapleg vurdering av lanseringsplan, kva forventa salspotensial- og publikumspotensial verket har, og arenaens posisjon internasjonalt.

Vi legg også vekt på erfaring og tidlegare resultat, samt verksemdas overordna strategi for internasjonal satsing.

Vi kan prioritere spelefilm og dokumentarfilm som har mottekne produksjonstilskot etter forskrift om tilskot til audiovisuell produksjon.

Sjå òg nærare kriterium under dei enkelte kategoriane Lansering på festival, Lansering på éin salsmarknad, Deltaking på finansieringsforum i utlandet, Påmelding til festivalar for kortfilm og Oscar kampanje i det følgjande.

Meir om ordninga

Tidlegare tildelinger i denne ordninga

Tildelinger
Transpiration
Dato for vedtak: 30. jun. 2026 Søker: JÄMTING KONSTFILM Tildelt:  45 000,- Regissør: Camilla Jämting Produsent: Camilla Jämting Manus: Camilla Jämting Tilskuddsområde: Lansering, profilering og distribusjon Tilskuddsordning: Lansering av film og serier i utlandet
VIQUEENS
Les mer
Dato for vedtak: 25. jun. 2026 Søker: ZWART ARBEID AS Tildelt:  50 000,- Regissør: Harald Zwart Produsent: Veslemøy Ruud Zwart Manus: Veslemøy Ruud Zwart, Harald Zwart, Stella Zwart Tilskuddsområde: Lansering, profilering og distribusjon Tilskuddsordning: Lansering av film og serier i utlandet
One day the sun will only shine for you - Soames beaivvi beaivváš báitá dušše fal dutnje
Dato for vedtak: 23. jun. 2026 Søker: GUORDAS KUNST AS Tildelt:  10 000,- Regissør: Gjert Rognli Produsent: Gjert Rognli Manus: Gjert Rognli Tilskuddsområde: Lansering, profilering og distribusjon Tilskuddsordning: Lansering av film og serier i utlandet
NORTH SOUTH MAN WOMAN
Les mer
Dato for vedtak: 23. jun. 2026 Søker: REMONT (FILMS) AS Tildelt:  75 000,- Regissør: Sun Kim (co-director), Morten Traavik Produsent: Verona Meier Manus: Sun Kim, Morten Traavik Tilskuddsområde: Lansering, profilering og distribusjon Tilskuddsordning: Lansering av film og serier i utlandet
Animalia
Dato for vedtak: 23. jun. 2026 Søker: Klynge AS Tildelt:  45 000,- Regissør: Marius Rolfsvåg Produsent: Esben Selvig, Kaare Daniel Steen, Sindre Austad, Rose Aker Manus: Øystein Stene Tilskuddsområde: Lansering, profilering og distribusjon Tilskuddsordning: Lansering av film og serier i utlandet

Kontaktpersoner

Ansatte i NFI Hanne Merethe Okstad foto david malmbekk NFI 2

Hanne Merethe Okstad

Rådgiver lansering utland