Hopp til hovedinnhold

Produksjon av spelefilm etter marknadsvurdering

NFI gir tilskot til å skape spelefilmar innan alle sjangrar og for alle målgrupper. Ordninga er retta mot norske spelefilmprodusentar, og skal stimulere til produksjonar med høgt publikumspotensial og høg kvalitet.

Kven kan søke

  • Søkaren skal vere eit uavhengig produksjonsselskap som er etablert i Noreg eller i eit anna EØS-land, og som har audiovisuell produksjon som hovudformål.
  • Produksjonsselskapet kan ikkje ha det offentlege som hovudeigar eller ha vesentlege forretningsmessige forbindelsar til prosjektets primære visningsplattform.
  • Føretaket må vere organisert som aksjeselskap og vere registrert i det norske einings- eller føretaksregisteret.
  • Søkaren skal kunne dokumentere tilfredsstillande økonomisk, fagleg og praktisk evne til å gjennomføre prosjektet og vere ansvarleg for rekneskapen i prosjektet. Sjå også vilkår for tilskot.

Dette kan du søke om

  • Du kan søke om produksjonstilskot til spelefilm med ordinær kinodistribusjon i Noreg som primær visningsplattform.
  • Du søker om tilskot på høgt eller lågt nivå.
    • Høgt nivå inneber tilskot på inntil 14.200.000 kroner, og krev eit publikumsestimat på over 250.000 selde billettar i ordinær kinodistribusjon.
    • Lågt nivå inneber tilskot på inntil 9.800.000 kroner, og krev eit publikumsestimat på over 150.000 selde billettar i ordinær kinodistribusjon.
  • Du skal samtidig med søknad om produksjonstilskot avgjere om du søker etterhandstilskot. Les meir HER

Vilkår for tilskot

  • Du må sende inn søknaden før du begynner på arbeidet som du søkar tilskot til, og før prosjektfasen (produksjon) er sett i verk.
  • Filmen du søker om tilskot til må ha planlagd lanseringsdato innan 3 påfølgande år frå søknadstidspunkt.
  • Søknaden og søknadsdokumenta skal vere på norsk. NFI kan gjere unntak frå språkkravet på heile eller delar av søknaden. Du må søke produksjonsfagleg rådgivar om dette før du sender søknaden. 
  • Produsenten må ha inngått ein forpliktande avtale med ein distributør for kino i Noreg.
  • Nøkkelpersonar i prosjektet må ha betydeleg profesjonell erfaring innan sitt fagfelt.
  • Prosjektet skal følgje Nordic Ecological Standard (NES). Kravet gjeld ikkje dersom produksjonsbudsjettet til prosjektet er lågare enn 1 000 000 kroner på søknadstidspunktet.

Prioritering og vekting av søknaden

  • Utgangspunktet er at det er prosjekta med høgast publikumsestimat innanfor dei to tilskotsnivåa som får tilskot. Fastsettinga av publikumsestimat blir gjort av eit ekspertpanel satt ned av NFI.
  • Prosjekt som har samanliknbare publikumsestimat innanfor +/- 5% vil bli vurderte etter moderat kvotering innan nøkkelfunksjonane produsent, regissør, manusforfattar og hovudroller. Kvinneandel tel med i prioriteringa opp til ei øvre grense på 60 prosent. Det vil seie at dersom to prosjekt har estimat innanfor +/- 5% og begge har ein kvinneandel på 60 % eller høgare, er det prosjektet med det høgaste publikumsestimatet som blir valt.
  • I tillegg kan spelefilmkonsulent velje éin av filmane på det låge tilskotsnivået med publikumsestimat over 150.000. Konsulenten vel filmen ut frå ei vurdering av filmens kunstnariske kvalitetar. Dei kunstnariske kvalitetskriteria til NFI blir brukt som eit verktøy i utveljinga. Les meir om dei kunstariske kvalitetskriteria her.    

Meir om ordninga

Tidlegare tildelinger i denne ordninga

Tildelinger
Pepperkakebyen
Les mer
Dato for vedtak: 17. apr. 2026 Søker: Den Siste Skilling as Tildelt:  9 800 000,- Regissør: Kjersti G. Steinsbø, Will Ashurst Produsent: Kristine Knudsen Manus: Merete Nordahl, Aleksander Kirkwood Brown Tilskuddsområde: Produksjon Tilskuddsordning: Produksjon av spillefilm etter markedsvurdering
Kielland
Les mer
Dato for vedtak: 17. apr. 2026 Søker: PARADOX RETTIGHETER AS Tildelt:  14 200 000,- Regissør: Roar Uthaug Produsent: Thea Røhr Østvold, Tanya Badendyck, Finn Gjerdrum Manus: Jan Trygve Røyneland Tilskuddsområde: Produksjon Tilskuddsordning: Produksjon av spillefilm etter markedsvurdering
Tonje Glimmerdal
Les mer
Dato for vedtak: 17. apr. 2026 Søker: Miso Film Norge as Tildelt:  9 800 000,- Regissør: Atle Knudsen Produsent: Eva Anker-Rasch Storm, Cathrine Simonsen, Renée Hansen Mlodyszeski Manus: Martina Cecelia Bjørnsson Befring Tilskuddsområde: Produksjon Tilskuddsordning: Produksjon av spillefilm etter markedsvurdering
Hvis ingen går i fella 2
Les mer
Dato for vedtak: 17. apr. 2026 Søker: Fantefilm fiksjon as Tildelt:  14 200 000,- Regissør: Henrik Martin Dahlsbakken Produsent: Martin Sundland, Thea Benedikte Karlsen Manus: Karsten Fullu Tilskuddsområde: Produksjon Tilskuddsordning: Produksjon av spillefilm etter markedsvurdering
I Krigens navn
Les mer
Dato for vedtak: 11. des. 2025 Søker: PARADOX RETTIGHETER AS Tildelt:  8 800 000,- Regissør: Katarina Launing Produsent: Tanya Badendyck, Finn Gjerdrum ( executive produsent) Manus: Ravn Lanesskog Tilskuddsområde: Produksjon Tilskuddsordning: Produksjon av spillefilm etter markedsvurdering
Førstegangstjenesten - The Movie
Les mer
Dato for vedtak: 13. nov. 2025 Søker: Fantefilm fiksjon as Tildelt:  13 200 000,- Regissør: Erlend Westnes Produsent: Martin Sundland, Catrin Gundersen, Therese Bøhn Manus: Lars Gudmestad Tilskuddsområde: Produksjon Tilskuddsordning: Produksjon av spillefilm etter markedsvurdering
La det Swinge
Les mer
Dato for vedtak: 13. nov. 2025 Søker: PARADOX RETTIGHETER AS Tildelt:  8 800 000,- Regissør: Per-Olav Sørensen Produsent: Rebecca Mathisen, Tanya Badendyck Manus: Mads Løken, Per-Olav Sørensen Tilskuddsområde: Produksjon Tilskuddsordning: Produksjon av spillefilm etter markedsvurdering
Flåklypa - Agent Solan
Les mer
Dato for vedtak: 13. nov. 2025 Søker: Qvisten Animation as Tildelt:  13 200 000,- Regissør: Rasmus A. Sivertsen Produsent: Rebecca Padoin Manus: Maren Elise Skolem, Rasmus A. Sivertsen Tilskuddsområde: Produksjon Tilskuddsordning: Produksjon av spillefilm etter markedsvurdering
JULIUS
Les mer
Dato for vedtak: 17. jun. 2025 Søker: Nordisk Film Production as Tildelt:  13 200 000,- Regissør: Henrik Martin Dahlsbakken Produsent: Caroline Hitland, Thomas Robsahm Manus: Kamilla Krogsveen Tilskuddsområde: Produksjon Tilskuddsordning: Produksjon av spillefilm etter markedsvurdering
Bukkene Bruse og juletrollet
Les mer
Dato for vedtak: 17. jun. 2025 Søker: Qvisten Animation as Tildelt:  8 800 000,- Regissør: Rune Spaans Produsent: Stian Tveiten Manus: Thorkild Schrumpf Tilskuddsområde: Produksjon Tilskuddsordning: Produksjon av spillefilm etter markedsvurdering

Kontaktpersoner

Foto. Kvinne ser mot kamera

Salma Reiermark Karoliussen

Produksjonsrådgiver

Foto. Kvinne i blå skjorte smiler

Carina Brattvik

Produksjonsrådgiver