Hopp til hovedinnhold
Foto. En rund tretrapp sett ovenfra.

Trappen på Cinemateket i Oslo. Foto: Helge Brekke.

Justert fondsbudsjett er vedtatt

Tilskudd

I justert fondsbudsjett set Norsk filminstitutt av midlar til ein ekstra marknadsvurdert film, og styrkjer postane for dokumentar, publikumsinnsikt, Neo idéutvikling, internasjonal distribusjon og nasjonale profileringstiltak.

Norsk filminstitutt (NFI) har denne veka vedteke revidert fondsbudsjett, og aukar midlane som er sette av til marknadsfilm, dokumentar, publikumsinnsikt, Neo idéutvikling, internasjonal distribusjon og nasjonale profilerings¬tiltak.

– Som forventa har det vorte frigjort midlar som vi no set inn der dei vil ha god effekt, basert på utviklinga vi ser, seier Kjersti Mo, direktør i Norsk filminstitutt.

Midlane som nå blir fordelt er i all hovedsak midlar som er frigjort frå budsjettposten for etterhandstilskot (EHT). Denne posten vart satt høgt i starten av året for å ta høgd for estimerte forpliktingar, som har vist seg å bli lågare enn det avsette beløpet.  NFI vil gjennomføre ein ny budsjettrevisjon i oktober.

– Med to budsjettrevisjonar i året får vi ei meir dynamisk budsjettering som lar oss justere kurs i tråd med utvikling og behov vi ser gjennom året, seier Kjersti Mo.

Ein ekstra marknadsfilm

NFI set av midlar til ytterlegare eitt tilskot på lågt nivå i ordninga for produksjon av spelefilm etter marknadsvurdering. Det inneber at NFI vil gje tilskot til tre filmar på høgt nivå og to på lågt nivå i 2025 – totalt fem filmar. Lågt nivå inneber tilskot på inntil 8 800 000 kroner. Førehandstilskot til produksjon av spelefilm utløyser også opp til 12 000 000 kroner i etterhandstilskot for filmar som sel meir enn 35 000 kinobillettar.

Meir til dokumentar

Ordningane for tilskot til utvikling og produksjon av dokumentar blir styrkte med 5 000 000 kroner. 

– Vi satsar her fordi vi ser fleire store og ambisiøse prosjekt, med sterke internasjonale planar og samarbeidspartnarar på plass. Dei har potensial til å nå sitt publikum godt, også på kino. Denne videre utviklinga for norsk dokumentar er veldig spennande, og vesentleg for oss å bidra til, seier Kjersti Mo.

Stor interesse for publikumsinnsikt

NFI styrkjer òg prøveordninga for publikumsinnsikt i utviklingsprosjekt med 1 000 000 kroner.

– Vi har sett auka interesse for tilskot til publikumsinnsikt i utviklingsfasen. Vi aukar denne posten slik at vi har tilstrekkelege midlar i ordninga til å handsame søknadene som no ligg inne. I utgangspunktet må vi stengje for søknader når dei nye midlane er fordelte, men vil gjere en ny vurdering til hausten, seier Kjersti Mo.

Styrkjer idéutvikling for debutantar

NFI styrkjer tilskotsordninga Neo idéutvikling med 1 000 000 kroner. Ordninga rettar seg mot debuterande regissørar, serieskaparar eller manusforfattarar innan lengre format.

– Dette er ei investering både i talent og i prosjekt som bidreg til kunstnarleg nyskaping og nye perspektiv. Debutantordninga Neo har vist at det finst ein enorm skaparkraft blant filmskaparar som ønskjer å debutere i langformat, og vi vil no gje rom for at fleire får moglegheit til å utvikle ideane sine, seier Kjersti Mo.

Distribusjon og profileringstiltak

NFI aukar òg budsjettpostane for internasjonal distribusjon med 1 000 000 kroner og nasjonale profileringstiltak med 900 000 kroner. Midla til nasjonale profilerings¬tiltak blir sette av etter tydelege tilbakemeldingar frå bransjen om behov for felles kampanjar for å løfte kinoen sin posisjon.
 

Kontakt

Foto. Kvinne ser på kamera

Edda Falk

Kommunikasjonssjef

Meld deg på

Siste nytt fra Norsk filminstitutt

Hold deg oppdatert på siste nytt fra Norsk filminstitutt. Du kan motta informasjon og nyheter knyttet til norske filmer og serier, dataspill eller begge deler.

Du kan velge å motta nyheter idet vi publiserer en sak, vanligvis tre til fem ganger i uken, eller motta en ukentlig oppsummering av nyhetssaker.

Motta siste nytt om 
Når vil du motta nyheter