Hopp til hovedinnhold
Foto. Fasaden til lokalene til Cinemateket og Norsk filminstitutt

Foto: Rolands Boss Photography

Endringar i idé- og manusordningar – nye retningslinjer er klare

Tilskudd Film Serier Spillefilm Dokumentarfilm

Norsk filminstitutt har vedteke endring i forskrift om tilskudd til audiovisuell produksjon, med nye kriterium for søkarar til tilskotsordningane for ide- og manusutvikling. Endringane trer i kraft frå 1. februar 2026.

Forslaget om nye vilkår for søkarar til ordningane har vore på høyring i haust, og Norsk filminstitutt har behandla dei elleve høyringssvara som kom inn. 

– Vi verdsett engasjementet rundt desse tilskotsordningane, og har justert vilkåra for ordningane i tråd med  fleire av innspela vi har fått i høyringsrunda, seier Terez Hollo-Klausen, avdelingsdirektør kunstnarisk vurdering, utvikling og publikum ved Norsk filminstitutt.

Endringane gjeld desse fire ordningane: Manusutvikling fiksjon, Idéfordjuping, Neo idéutvikling, og Idé- og manusutvikling dokumentar.

Utdanning og erfaring

Søkarar til ordningane må no oppfylle minst eitt av tre krav til utdanning eller yrkeserfaring: 

  • relevant utdanning på bachelornivå eller høgare, der krav til relevant utdanning som har resultert i eksamensfilm eller manus i langt format
  • yrkeserfaring som regissør eller manusforfattar av eit verk med profesjonell distribusjon – nærare kriterium er beskrive i retningslinjene   
  • yrkeserfaring som regissør eller manusforfattar av eit verk som har motteke tilskot på minst 30.000 kroner frå Norsk filminstitutt eller annan tilskotsforvaltar, spesifisert i retningslinjene   

– Det er viktig å understreke at søkarar til ordningane berre treng å innfri eitt av desse tre krava. Til dømes kan søkarar som manglar relevant utdanning kvalifisere på bakgrunn av tidlegare yrkeserfaring som regissør eller manusforfattar, seier avdelingsdirektør Terez Hollo-Klausen.

For søkarar med dokumentarprosjekt kan anna yrkeserfaring og utdanning vurderast som relevant – se retningslinjene for detaljer. 

Tilskotsordningane det gjeld har løpande saksbehandling, og vil opne for nye søknader 1. februar 2026.

Norsk filminstitutt inviterer til informasjonsmøte om tilskotsordninga Manusutvikling fiksjon, 27. januar 13.00, digitalt. 

3. februar inviterer Norsk filminstitutt til informasjonsmøte om debutantordninga Neo på Cinemateket i Oslo.

Kontakt

Foto. Mann smiler

Bernt Erik Pedersen

Kommunikasjonsrådgiver

Foto. Kvinne med mørkt hår ser inn i kamera og smiler

Terez Hollo-Klausen

Avdelingsdirektør talent, utvikling og produksjon

Meld deg på

Siste nytt fra Norsk filminstitutt

Hold deg oppdatert på siste nytt fra Norsk filminstitutt. Du kan motta informasjon og nyheter knyttet til norske filmer og serier, dataspill eller begge deler.

Du kan velge å motta nyheter idet vi publiserer en sak, vanligvis tre til fem ganger i uken, eller motta en ukentlig oppsummering av nyhetssaker.

Motta siste nytt om 
Når vil du motta nyheter