Norsk filminstitutt

Norsk film har aldri selt betre til utlandet. Den samla eksportverdien av de norske premierefilmane frå 2015 er berekna til å vere 87,3 millionar kroner. Dette er 18,1 millionar kroner høgare enn filmane frå 2014, som var førre toppår i undersøkinga, og svarar til ein auke på litt over 26 prosent.

Danmark billett.pngDet har lenge vore eit politisk ønskje om auka eksport av norske audiovisuelle produkt. I St.meld. nr 30 (2014-2015) Ein framtidsretta filmpolitikk vert det lagt vekt på at ein marknad utanfor Noreg vil auke filmbransjen sitt inntektspotensial og kan bidra til å styrke økonomien i bransjen. Derfor har Nærings- og fiskeridepartementet og Kulturdepartementet satt opp eit råd for å styrke kulturelle og kreative bransjar og bidra til auka omsetjing og eksport, jamfør budsjettproposisjonen for 2017 frå Kulturdepartementet. Føremålet med eksportundersøkingane er å følgje utviklinga i utlandssalet av norsk kinofilm og undersøke om denne utviklinga samsvarer med dei filmpolitiske målsetjingane.

Mexico kreps.pngHar undersøkt eksporten sidan 2005

Norsk filminstitutt (NFI) har sidan 2005 gjennomført undersøkingar av eksporten av norske kinofilmar. Den første undersøkinga omfattar åra 2002 til og med 2004. Sidan har undersøkingane vorte gjennomførte kvart år. Undersøkingane dannar dermed ein historisk serie frå og med kalenderåret 2002. Eksportundersøkinga 2017, som er ei kartlegging av eksportverdien til dei norske kinofilmane frå 2015, er gjennomført i perioden august-november 2017.

 

Eksportundersøkinga 2017 kort oppsummert:

 

  • Undersøkinga omfattar 23 norske kinofilmar med premiere mellom 1. januar og 31. desember 2015. Av desse var det fem dokumentarfilmar og fem barnefilmar.
  • 18 av dei 23 filmane er selde til utlandet.
  • ·Den samla verdien av den norske filmeksporten i 2015 er berekna til å vere 87,3 millionar kroner. Dette er 18,1 millionar kroner høgare enn filmane frå 2014, som var førre toppår i undersøkinga, og svarar til ein auke på litt over 26 prosent. Av dei 87,3 millionane utgjer 63,6 millionar (73 prosent) førehandssal i ulike former, mens etterhandssalet utgjorde 23,7 millionar (27 prosent).
  • Dei tre 2015-filmane som hadde høgast eksportverdi selde for 67,3 millionar kroner til utlandet. Det er ein markant auke frå 2014 der dei tre høgaste filmane selde for 38,2 millionar kroner.
  • Marknaden for sal av film på den internasjonale marknaden er ustabil og prega av store svingingar. Publikumspotensialet til dei enkelte filmane har mykje å seie for den samla eksportverdien til norsk film det enkelte året.


18 millionar høgare enn i 2014

Figuren nedanfor angir eksportverdien til dei norske premierefilmene i ordinær kinodistribusjon frå åra 2002 til 2015. Eksportverdien gir eit bilete av inntekter frå utlandet (monetær eksportverdi), men kan også brukes som en indikator på tilgjengeliggjering og publikumsoppslutning internasjonalt (kulturell eksportverdi). Når ein film blir solgt vil ein som regel ha planar om å sette den opp for et publikum på ein eller fleire plattformar. Jo meir den blir solgt for, dess større publikum er det grunn til å tro at han vil få. Den samla eksportverdien til dei 23 norske kinofilmene med premiere i 2015 er beregna til å vere 87,3 millionar kroner. Eksportverdien registrert for 2015-filmenene er då 18 millioner kroner høgare enn for filmene fra 2014, som igjen var tolv millioner høgare enn det tidligere toppåret 2012. Dette utgjer ein auke på 26 prosent frå året før. Av de 23 filmene med premiere i 2015 ble 18 solgt til utlandet. De tre filmene som hadde høgest eksportverdi solgte for 67,3 millioner kroner til utlandet. Det er altså rimelig å seie at veksten i samla eksportverdi skyldes at eit fåtall filmer har solgt særs godt. Det er generelt viktig å være merksam på at gitt eit relativt lite utval filmer kvart år blir eksportverdien sensitiv for slike tilfeldige variasjoner fra år til år. NFI sin eksportundersøkelse måler kun verdien av kinofilm (spelefilm og kinodokumentar). Fleire norske dramaserier og dokumentarer har stor suksess i utlandet og høg eksportverdi. Dette reflekteres ikkje i undersøkinga.

Eksportverdi for norske spillefilmer og kinodokumentarer.png

For å måle publikumsoppslutning i utlandet, nyttar vi tall fra European Audiovisual Observatorys database, Lumière Pro. Her samlast statistikk frå samtlege europeiske markednader, samt tolv andre nasjonale markeder. Desse talla oppdateres med noko latens, og det er difor ikkje formålstjenlig å se på statistikk for det siste året. Figuren nedenfor viser besøksutviklinga frå 2002 og fram til 2015.

Kinobesøk for norsk film i utlandet basert på premiereår.png

Stor Bølge i Mexico

Om vi ser på besøkstall frå 2015 og 2016, er Mexico det landet utenom Norge hvor flest mennesker såg norsk film. Dette skuldast i all hovudsak at Bølgen hadde godt over ein halv million besøkende der, og filmen var også godt besøkt i fleire andre latinamerikanske land. Louder than bombs gjorde det bra i Frankrike og Mexico: i begge land var besøkstallene for filmen rundt dobbelt så høge som de var i Noreg. Av andre filmer som står for mykje av besøkstallene kan det nevnes Tusen ganger god natt, Welcome to Norway, og barnefilmer om Kaptein Sabeltann, Doktor Proktor og Solan og Ludvig (som faktisk figurerer i to av de mest sette filmene). På listen over dei ti landene med høgast besøkstall, finner vi ein blanding av land hvor norsk film tradisjonelt finner mange av sine sjåarar (Tyskland, Frankrike, Nederland, Polen) og ein del land hvor tallene i større grad skuldast at enkeltfilmer har gjort det særs godt (Mexico, Colombia, Venezuela), men ingen av våre nærmeste naboland. Her er landene berre rangert etter totalt antall besøk, og ikkje justert for innbyggjartal. Gjer me det, hopper Danmark til topps med sju billetter per 1000 innbyggere, men elles forandres lite: Frankrike, Mexico, Tyskland, Polen og Nederland er framleis på topp med rundt fem besøk per 1000 innbyggere.

  • Jakob Berg
    • Jakob Berg

    • Kommunikasjonsrådgiver
    • Telefon: +47 971 977 66
    • E-post: jakob.berg[@]nfi.no