Norsk filminstitutt

Regjeringa vel nok ein gong å satse på film, seriar og dataspel i eit sterkt kulturbudsjett. - Ei god utvikling, seier NFI-direktør Kjersti Mo. 

kjersti mony.jpg
NFI-direktør Kjersti Mo. Foto: NFI

 

Tildelingane til film- og spelfeltet passerer no ein milliard kroner. Totalt foreslår regjeringa ein auke på 77,8 millionar kroner mot 2023 budsjettet til ulike film- og dataspelformål (post 1, 50, 73 og 78). Ramma for insentivordninga aukar til 130 millionar kroner.

– Sjølv i eit sterkt kulturbudsjett som dette, er det tydeleg at regjeringa og kulturministeren ser og verdset potensialet i norske filmar, seriar og dataspel spesielt. Det er vi glade for. Her er det ei god utvikling både for dataspel, insentivordning og regionale filmverksemder. No ser vi fram til å sette midlane i arbeid for å nå ambisjonane som følger med. Og vi ser fram til å arbeide saman med dei regionale verksemdene, som no endeleg dekker heile landet, seier Kjersti Mo, direktør i Norsk filminstitutt.

Tildelingane til dataspel er foreslått auka med 10 millionar kroner i statsbudsjettet 2024, der 7,5 millionar går til fond og 2,5 millionar til drift. Midlane skal brukast til å utvikle og lansere dataspel, og auke kunnskap og kompetanse innan dataspelkultur.

Regjeringa ønsker å styrke insentivordninga og auke ramma til 130 millionar kroner. Dette vil gi 84 millionar til nye internasjonale film- og serieprosjekt som ønsker å bruke Noreg som innspelingsland i 2024.

Samla tildeling på kapittel 334 «Film- og dataspillformål» går opp frå 963.902 kroner på saldert budsjett 2023 til 1.045.912 kroner i budsjettforslaget for 2024.

Styrka regionar

Dei regionale filmsentera og filmfonda blir foreslått styrka med 30,4 millionar, som blir fordelt mellom ulike senter og fond. Nytt av året er at Oslo Filmfond blir tatt inn blant dei regionale filmfonda som mottar tilskot frå staten, og får 7 millionar kroner til fordeling i Oslo og Viken, slik at heile landet nå er dekka av regionale filmfond.  

Regjeringa foreslår også å auke bevillinga til Bygdekinoen med 1 million, Internasjonalt Samisk Filminstitutt med 0,8 millionar og Den Nasjonale Filmkommisjonen med 1,2 millionar.  I tillegg er det foreslått eingongsbevilling til reetablering av en finnmarksring av Bygdekinoen og til Spillhuset i Bergen på totalt 3,6 millionar kroner.

Totalt er Filmfondet foreslått auka med 29,5 millionar mot 2023-budsjett, kor 7,5 millionar er øyremerka dataspel. Korleis dei resterande midlane skal fordelast på dei ulike tilskotsordningane, vil konkluderast i NFI sin årlege budsjettprosess. Bransjen kan  gi innspel gjennom eigen bransjeorganisasjon i innspelsvindauge som opnar neste veke. 

– Film og spel er sterke medium med viktig samfunnsbyggjande effekt. Med dette statsbudsjettet visar regjeringa tydeleg at dei vil bidra til å utvikla meir av samfunnsveven gjennom film og spel, der dette feltet no er foreslått med samla tildeling på over ein milliard kroner, konstaterer NFI-direktør Kjersti Mo.

Les meir om regjeringas forslag til statsbudsjett her

 

  • Kjersti Mo
    • Kjersti Mo

    • Direktør
    • Telefon: +47 483 00 485
    • E-post: kjersti.mo[@]nfi.no
  • Bernt Erik Pedersen
    • Bernt Erik Pedersen

    • Kommunikasjonsrådgiver
    • Telefon: +47 971 79 456
    • E-post: bernt.pedersen[@]nfi.no