Norsk filminstitutt

Fedrelandet, Margreth Olins helaftens dokumentarfilm om naturen, opplevd gjennom Olins 85 år gamle far sin guiding i Oldedalen i Nordfjord, skal visast i dokumentarprogrammet på den viktige Toronto International Film Festival. 

Fedrelandet_Credit Dag Asle Mykløen.jpg
Fedrelandet. Foto: Dag Asle Mykløen

– Gjennom eitt år har eg vandra i fotspora til faren min i den mektige naturen han er så djupt knytt til. Eg fann ei ro eg trur mange saknar. Det har alltid vore eit eventyr å vandre med pappa. Pappa har vist meg kva gåve naturen er. Den gåva eg har fått frå han, vil eg gje vidare. Det trur eg på - at det finaste du får, skal du gje vidare, seier regissør, produsent og manusforfattar Margreth Olin om sin nyaste film.  

Inviterte med på tur

Olin har tidlegare laga anerkjende og prisbelønna dokumentarar som Mannen fra Snåsa, Barndom og Selvportrett. Arbeidet med Fedrelandet byrja då Margreth kom til den 85 år gamle faren sin, Jørgen Mykløen, og bad om råd i ei krevjande periode i livet. Han svarte som han ofte gjer, at dei burde gå ein tur saman. 

Resultatet vart dokumentaren Fedrelandet. Filmen, med den internasjonale tittelen Songs of Earth, vert presentert for det nord-amerikanske publikumet på kontinentets viktigaste filmfestival i Toronto i byrjinga av september, der den skal visast i dokumentarprogrammet. 

Ein av verdas største filmfestivalar

Toronto internasjonale filmfestival er ein av verdas største publikumsfestivalar. Mange norske filmar har tidlegare starta sitt Nord-Amerikanske liv på denne festivalen, mellom anna dei Oscar-nominerte filmene Kon-Tiki og Verdens verste menneske. Margreth Olin har tidlegare delteke med filmen Engelen som hadde verdaspremiere her i 2009. Filmfestivalen er også ein av verdas viktigaste arenaer for kjøp og sal av film, der kjøparar, festivalprogrammerarar og presse frå heile verda deltar.  

-Filmfestivalen i Toronto er ein av verdas aller viktigaste festivalar og ein døråpnar mot det Nord-amerikanske markedet. Visning her er ei anerkjenning av filmens potensial i det amerikanske markedet, seier Toril Simonsen, lanseringkonsulent utland i Norsk filminstitutt (NFI). 

Fedrelandet har fått 5.450.000 kr i utviklings-, produksjons- og lanseringtilskot frå NFI. 

Spent på mottakinga hos det kanadiske publikummet

-Me er enormt glade for at filmen no er vald ut til Toronto og får sin Nordamerikanske premiere her. Dette har vore eit ynskje og mål sidan starten og betyr mykje for filmen sitt vidare liv. Eg er spent på mottakinga hos det kanadiske publikummet, dei lever tett på og elskar natur slik nordmenn gjer, seier Margreth Olin.  

Margreth Olin. Foto Agnete Brun.jpg
Margreth Olin. Foto Agnete Brun

Fedrelandet har premiere på norske kinoar 1. september og skal i forkant visast på ti naturskjønne og spektakulære stader i Norge, mellom anna Geirangerfjorden, Oldedalen, Stangholmen ved Risør, Gjendesheim og operataket i Oslo. 

Liv Ullmann og den Gullpalme-belønna og tre gongar Oscar-nominerte filmskaparen Wim Wenders er blant filmens eksekutive produsentar. 

Toronto International Film Festival blir arrangert frå 7. til 17. september. 

  • Dei som er med 

  • Medverkande: Jørgen Mykløen & Magnhild Kongsjord Mykløen 
  • Regissør: Margreth Olin 
  • Produsent: Margreth Olin & Lena Faye-Lund Sandvik 
  • Foto: Lars Erlend Tubaas Øymo, Herman Lersveen, Torbjørn Martinsen, Dag Asle Mykløen 
  • Lyd: Andreas Lindberg Svensson 
  • Lyddesign: Tormod Ringnes 
  • Klipp: Michal Leszczylowski 
  • Musikk: Rebekka Karijord 
  • Utøvande produsentar: Wim Wenders og Liv Ullmann 
  • Produksjonsselskap: Speranza Film AS 
  • Co-produsentar: BBC, SWR, ARTA 
  • Distributør: Norsk Filmdistribusjon 
  • Salsagent: Cinephil 

Sjå trailer for Fedrelandet her: 

Fedrelandet: Trailer - Premiere 1.september 2023 

  • Jakob Berg
    • Jakob Berg

    • Kommunikasjonsrådgiver
    • Telefon: +47 971 977 66
    • E-post: jakob.berg[@]nfi.no