Norsk filminstitutt

Margreth Olins kommande dokumentarfilm Fedrelandet er invitert til hovudkonkurransen på CPH:DOX, ein av Europas leiande dokumentarfilmfestivalar. Tretten filmar konkurrerer om hovudprisen, og vinnaren derfrå kvalifiserer til å delta i Oscarløpet for beste lange dokumentarfilm.

Bilde av norsk fjord med mann som står på stor stein og ser utover den.
Fedrelandet. Foto: Dag Asle Mykløen

I dag blei det offentleggjort at Fedrelandet er tatt ut til hovudkonkurransen på den anerkjende filmfestivalen CPH:DOX i København – ein av Europas største og viktigaste arenaar for dokumentarfilm.

–  Eg er enormt spent føre verdspremieren. I Fedrelandet tar eg med publikum heim til Oldedalen og Jostedalsbreen. Krafta i det mektige – eg har prøvt å overføre ho til film. Eg vil at publikum skal lengte ut og lengte heim. Naturen er heimen vår, seier regissøren og produsenten av filmen Margreth Olin.

Ein av de aller viktigaste dokumentarfilmfestivalane

- CPH:DOX har utvikla seg til å bli ein av dei aller viktigaste festivalane for dokumentarfilm. Festivalen har eit stort og variert program, og er anerkjent for det skarpe programprofilet sitt. I hovudkonkurransen blir vist filmar som er med på å setje dagsorden og som opnar for nyanserte samtalar rundt svært aktuelle problemstillingar. Meir enn 250 aktørar har stadfesta deltaking ved finansieringsforumet til festivalen - inkludert strømmeplattformer som Disney+, Netflix og Hulu; kringkastarar som ARTA, ZDF, BBC, CNN, National Geographic og POV; og humanistiske og filantropiske organisasjonar som Sundance Institute, Doc Society, Chicken and Egg Pictures, Fritt ord og andre, seier Toril Simonsen, lanseringkonsulent utland i Norsk filminstitutt (NFI).

Fedrelandet har fått 5.450.000 kr i utviklings-, produksjons- og lanseringtilskot frå NFI.

Gåva til far til Margreth

Olin har tidlegare laga anerkjende og prislønte dokumentarar som Mannen frå Snåsa, Barndom og Selvportrett.  Arbeidet med Fedrelandet starta då Margreth kom til den 85 år gamle faren sin, Jørgen Mykløen, og bad om råd i ein krevjande periode i livet. Han svarte som han ofte gjer, at dei burde gå ein tur saman, før han la til : «Men denne gongen skal vi gå i eit år».

– Gjennom eit år har eg vandra i fotsporet til faret mitt i den mektige naturen han er så djupt forbunde til. Eg fann ei ro eg trur mange saknar. Det har alltid vore eit eventyr å vandre med pappa. Pappa har vist meg kva gåve naturen er. Den gåva eg har fått frå han, vil eg gi vidare. Det trur eg på - at det finaste du får, skal du gi vidare.

Felte tårer

Olins far utfordra dottera då ho begynte å filme. Han lurte på om filmopplevinga kom til å bli like sterk som naturopplevingane dei har delt? «Det veit eg ikkje», svarte Olin då: «Det får du bedømme».

– Eg har sett pappa felle tårer to gongar i livet mitt. Den eine gongen var då han og mamma kom inn i sluttklippen for å sjå Fedrelandet, seier Olin.

Klipper Michal Leszczylowski, komponist Rebekka Karijord og lyddesigner Tormod Ringnes har omsett materialet fanga av lydmann Andreas Lindberg Svensson, hovud-fotograf Lars Erlend Tubaas Øymo, dronefotograf Herman Lersveen og wild-life fotograf Torbjørn Martinsen.

Fedrelandet kjem på norske kinoar til hausten, og i mars startar filmens reise ut i verda. Den Gullpalme-belønte og tre gongar Oscar-nomerte filmskaparen Wim Wenders er filmens eksekutive produsent.

CPH:DOX: blir arrangert frå 15. til 26. mars, med Fedrelandet i det internasjonale hovudprogrammet.

Dei som er med

Medverkande: Jørgen Mykløen & Magnhild Kongsjord Mykløen

Regissør: Margreth Olin

Produsent: Margreth Olin & Lena Faye-Lund Sandvik

Utøvande produsent: Wim Wenders

Produksjonsselskap: Speranza Film AS

Co-produsentar: BBC, SWR, ARTA

Distributør: Norsk Filmdistribusjon

Salsagent: Cinephil

Dokumentarfilmane som tidlegare har vore i hovudkonkurransen ved CPH:DOX

2013 Elsk meg (Hanne Myren)

2015 Brødre (Aslaug Holm)

2017 Barneraneren (Jon Haukeland)

2017 DRIB (Kristoffer Borgli)

2022 Formørkelsen (Nataša Urban)

Og Formørkelsen vann DOX:Award

  • Jakob Berg
    • Jakob Berg

    • Kommunikasjonsrådgiver
    • Telefon: +47 971 977 66
    • E-post: jakob.berg[@]nfi.no