Norsk filminstitutt

Norsk filminstitutt koordinerer utveljinga av det norske bidraget til Academy of Motion Picture Arts and Sciences (AMPAS) i kategorien Best International Feature Film. 

Filmane som skal vurderast må vere i samsvar med AMPAS-reglane for The Academy Awards.  

Komiteen

Den norske Oscar-komiteen består av representantar frå norsk filmbransje og blir leia av direktøren for Norsk filminstitutt. Det blir utnemnt ein representant og ein vararepresentant frå kvar av organisasjonane Virke Produsentforeningen, Norsk filmforbund, Norske filmregissører, Norsk Skuespillerforbund, Norske Dramatikeres Forbund og Norsk Filmkritikerlag. 

Norsk filminstitutt er sekretariat for komiteen.

Ifølge AMPAS-reglane skal den norske Oscar-komiteen bestå av minst 50% filmskapere og/eller filmarbeidere med tilknytning til filmbransjen. Komiteen skal bestå av minst fem medlemmer. ASCAP setter ikke noen øvre grense for antall komitemedlemmer. 

Medlemmane av den norske Oscar-komiteen må være norske statsborgarar, ifølge AMPAS-reglane.  

Komiteens representantar kan sitte i opptil seks år, men kan utnemnast på ny etter to års opphald. 

Komiteutvalet må registrerast og godkjennast  av AMPAS’ administrasjon. 

Medlemmane i komiteen kan ikkje ha nokon profesjonell involvering i ein film som vurderast for nominasjon.   

Prosess

Produsentar må sjølve melde på filmar for vurdering her:

Oscar-påmelding

Oscar-komiteen vil på sitt første møte gå gjennom filmane som kvalifiserer for vurdering. I det andre møtet vil komiteen konkludere med ei kortliste på tre filmar som vil bli offentleggjort av Norsk filminstitutt. 

I komiteens tredje møte skal komiteen utpeike dei tre kortlista filmane som skal nominerast som Noregs Oscar-kandidat i kategorien Best International Feature Film. Frist for påmelding av den norske kandidaten hos AMPAS er 14. juni

E-post til den norske Oscar-komiteens sekretariat:  

int[@]nfi.no

  • Stine Oppegaard
    • Stine Oppegaard

    • Lanseringskonsulent utland
    • Telefon: +47 908 59 638
    • E-post: stine.oppegaard[@]nfi.no