Norsk filminstitutt

Ved å innlemme dramaseriar i Nye veier, ønsker vi å stimulere kunstnarleg vågemot og nybrottsarbeid innanfor eit felt der det verkeleg kokar og skjer bra ting for tida.

Som for dei andre formata i denne ordninga, vil vi fokusere på forteljaren, i dette tilfelle serieskaparen. Ein personleg innfallsvinkel og eit ope og søkande utviklingsløp er viktige siktemål. Samstundes vil vi legge vekt på at vi utviklar prosjekt og forteljarar som er flygedyktige i den marknaden dei skal ut og konkurrere i; ein digital arena i stadig endring. Serie-verda er eit felt med stort mangfald i både form og innhald. Det skal prege utvalet av prosjekt i ordninga.

Serieproduksjon er, til skilnad frå dei andre formata i Nye veier, såpass omfattande at vi ikkje vil utvikle og produsere ferdige verk. Produksjon av ein pilot vil derfor vere ein viktig del av utviklingsarbeidet, for å synleggjere prosjektets fortlejarmessige eigenart. Det er ingen særskilde krav til lengde på piloten, men den skal minst bestå av ei akt; eit dramatisk forløp med eit vendepunkt, forankra i eit av seriens episodemanus.

Arbeidet med dramaseriar i Nye veier vil vere todelt. Vel vitande om at det er mange fruktbare innfallsvinklar og metodikkar, vil utviklingsarbeidet grovt sett kunne delast inn som følger:

Fase 1 – Prosjektutvikling

Overordna mål i denne fasen er å utvikle ideen til eit nivå der potensialet som serie blir tydeleg. Dokument som vil inngå i dette er:

Grunnhistorie

Utvikle ideen til eit nivå der det kan skrivast eit samandrag av den sentrale historia med fokus på den/dei sentrale karakterane. 

Orkestrering

Utvikle konsise karakterskisser med vekt på rolle og relevans i hovedhistoria.

Setting 

Overordna skildring av verda denne forteljinga finn stad i.

Pitch 

Presentasjonsdokument / hand out til bruk vidare i arbeidet med å realisere serien.

Fase 2 – Konseptualisering / produksjon

Overordna mål i denne fasen er å uttrykke seriens innhald og kunstnarlege uttrykk på eit nivå som vil kunne avklare potensiell produksjonsbeslutning. I dette vil følgande inngå:

Pilotepisode, manus 

Seriens første episode i manusform.

Bibel

Seriens skriftlege referansedokument. Bør innehalde følgande:

  • Karakterbiografiar: Korte skisser på dei sentrale karakterane i serien.
  • Sesongsynopsis: Historia som skal forteljast i løpet av sesongen, enten som overordna synopsis for alle episodane eller i form av korte episooderesymè.
  • Konseptnotat: Seriens konseptuelle siktemål; form, stil og forteljarteknisk eigenart.
  • Ethos: Seriens emosjonelle forankring/grunngjeving . Kvifror akkurat denne historia på akkurat denne måten?
  • Pilot: Minimum ein akt som ferdig film. Eit dramatisk forløp som ender med eit vendepunkt og som gir ein konkret peikepinn på form og innhald. Maksimum hel episode, eventuellt sesong, forutsatt at dette kan realiseres innenfor Nye veiers rammer.