Norsk filminstitutt

Ti spennande prosjekter får tilskot til manusutvikling frå NFI.

Alle Hater Johan
Alle hater Johan (regi Hallvar Witzø), som har kinopremiere i høst, har tidlegare fått tilskot til manusutvikling frå NFI.

- På lista finn vi både svært erfarne navn som Karsten Fullu og Karianne Lund, men også nye stemmer med andre erfaringsbakgrunnar, som vil vere med på å sikre breidde i historier og forteljarstemmar i norsk film og seriar, som til dømes Marja Bål Nango og Marlene Stavrum.

Nango har også vore med i NFIs utviklingsprogram UP, og er ein  stemme vi har tru på. Målet med denne tilskotsordninga er å sikre norsk film tilgang til originale, relevante og engasjerande historier, med solid forankring i skaparleddet. Tilskotet frå NFI skal leggje til rette for at manusforfattarane sjølv kan styre eigne prosjekt, og involvere dei ressursar dei treng i arbeidet med manus. Vi gleder oss til å følgje desse prosjekta vidare, seier seksjonsleiar Ståle Stein Berg i NFI.

Desse får tilskot:

I denne runden får ti manusforfattarar og filmskaparar 250.000 kroner kvar til utvikling av manus:

Spelefilm:

  • Bro over brennende vann, Marianne Østengen
  • Kallet, Karsten Fullu
  • Guođoheaddji, Marja Bål Nango
  • Girls, Lisa Marie Kristensen 
  • Fønix, Mary Hasavari 
  • De berørte, Marianne Ulrichsen 
  • Dum, Marlene Stavrum
  • Landsmoderen, Arild Fröhlich 

Dramaseriar

  • Mikolaj og Leah, Karianne Lund 
  • Fairytales, Hedda Mjøen

Om ordninga

Manusutviklingsordninga skal bidra til kontinuitet og profesjonalitet i utviklingsarbeidet, og sikre eit breitt og mangfaldig repertoargrunnlag for alle målgrupper. Det gis tilskot i to faser, fase 1 idé skal bidra til å utvikle fortellingas grunnpilarar, historie, karakterar, setting og tematikk, mens fase 2 skal bidra til å framstille manus til revidert første utkast.

Les meir her.

I forbindelse med endring av forskrift har NFI gjort enkelte endringar i manusordninga. Mens vi tidlegare hadde eigne manuskonsulentar samlar vi no manusutvikling, kortfilmordninga, talentordninga og kunstnarisk vurdering i ei ny, samkøyrd og meir fleksibel konsulentordning. Dette for å styrke fokus på utvikling og høgne kvaliteten på filmane som prioriterast til produksjon. Det betyr at fiksjonskonsulentane behandlar søknader om manusutvikling til spelefilm og seriar, mens dei to dokumentarkonsulentane behandlar søknader til manusutvikling/idéutvikling dokumentar. 

Neste søknadsfrist for manusutvikling (fiksjon) er 26. oktober. Manusutvikling for dokumentarfilm har løpende søknadsfrist.

  • Benedikte Danielsen
    • Benedikte Danielsen

    • Produksjonsfaglig rådgiver - Spillefilm, samproduksjon og internasjonal finansiering
    • Telefon: 901 19 599
    • E-post: benedikte.danielsen[@]nfi.no