Norsk filminstitutt

Dokumentarfilmen Søstre elsker evig, regissert av Sigve Endresen, er tildelt 1.500.000 kroner i produksjonstilskot frå Norsk filminstitutt. – Ein film med eit heilt unikt perspektiv på sjølvmord og søsterskap, uttalar dokumentarkonsulent Klara Nilsson Grunning. 

foto. to kvinner i halvfigur foran  en vegg i forskjellige blåfarger står og holder rundt hverandre
Marin (t.v) og Wilde, frå filmen Søstre elsker evig. Foto: Siem Privat

I dokumentarfilmen Søstre elsker evig fortel regissør Sigve Endresen historia om korleis Wilde (31) klarer å gå vidare etter at lillesøstera Marin (28) tok sitt eige liv. I vedtaksmøte denne veka har Norsk filminstitutt (NFI) tildelt filmen 1.500.000 i produksjonstilskudd etter kunstnerisk vurdering. 

– Søstre elsker evig inneheld filmopptak av samtalar mellom Marin og Wilde dei siste vekene før Marins død. Ramma for filmforteljinga er korleis Wildes arbeidar med sorga over søstera, og gjennom arkivklipp viser vi historia til søstrene. Filmen handlar om sjølvmordet, men like mykje om situasjonen til dei pårørande etter eit sjølvmord, seier Sigve Endresen.

Produksjonsselskap er Motlys AS, produsentar er Sigve Endresen og Ingvil Sæther Berger. Regissør er Sigve Endresen. Manus er ved Wilde Siem. Distributør er Norsk Filmdistribusjon. Filmen har eit totalbudsjett på 3.600.000 kroner.

Wilde (31) og Marin (28) er søstrer og bestevennar. Marin har ei bipolar liding, og har prøvd å ta sitt eige liv fleire gongar. Wilde har prøvd å redde Marin og hjelpe ho med å leve. Etter mange måneder med tvangsinnlegging forstår Wilde at Marin har bestemt seg for å avslutte livet på̊ fødselsdagen sin. Dette stiller Wilde overfor eit stort dilemma. Klarer ho å akseptere avgjerda til søstera, eller er det noko meir ho kan gjere for å få Marin til å vilje leva? Søstre elsker evig følger Wilde i tida etter at søstera døyr, i prosessen der ho arbeider med sorga og tar tilbake livet.

– Søstre elsker evig er ein film med eit heilt unikt perspektiv på sjølvmord og søsterskap, seier Klara Nilsson Grunning, konsulent for dokumentarfilm på NFI, som har innstilt filmen til tilskot.
– Filmskaparane synar ansvarskjensle i møte med dei etiske dilemmaa som dette spesielle filmprosjektet stiller dei overfor. Det er ein sterk og varm film som behandlar hovudpersonane sine med respekt. Eg håper filmen kan treffe eit ungt publikum og opne for samtalar om sjølvmord og psykisk helse, seier dokumentarkonsulent Klara Nilsson Grunning.  

Sigve Endresen_small.jpg
Regissør og produsent Sigve Endresen. Foto: Motlys

Sigve Endresen er ein av Noregs mest framståande dokumentaristar, og slo igjennom med kinodokumentaren For harde livet (1989). Han grunnla og har leia produksjonsselskapet Motlys, som nyleg feira 40-årsjubileum, der han har produsert ei rekkje spelefilmar og dokumentarar. Hans førre film som regissør var dokumentaren Generasjon Utøya (2021). Medprodusent Ingvil Sæther Berger er tilknytta Motlys, og var no sist produsent på spelefilmen Hør her’a (2023).

– Som regissør blir eg tiltrekt av historier som handlar om liv og død. Korleis menneske taklar livet når dei møter store utfordringar, og korleis ein arbeider seg gjennom traume og krisar. Dette var også tema i min førre film Generasjon Utøya, som eg regisserte saman med Aslaug Holm, seier Sigve Endresen.

 

  • Bernt Erik Pedersen
    • Bernt Erik Pedersen

    • Kommunikasjonsrådgiver
    • Telefon: +47 971 79 456
    • E-post: bernt.pedersen[@]nfi.no