Norsk filminstitutt

Ferske funn frå den nye publikumsstudien fra NFI om born og unge syner at skulen er ein viktig arena for formidling av filmar og seriar. 44 prosent av borna som har svart på undersøkinga seier at dei ser film og seriar kvar veke eller oftare saman med klassen. 

foto. tre barn sitter sammen foran en iPad skjerm
Illustrasjonsfoto: NFI

NFI har saman med analysebyrået Kantar laga publikumsstudien som konsentrerer seg om born og unge i alderen sju til 14 år. Funna som no er klare tek mellom anna for seg skulen som arena for formidling.

  • Av 1000 born som svara på undersøkinga oppgjer 44 prosent at dei ser film og seriar på skulen kvar veke eller oftare, medan 48 prosent ser sjeldnare.
  • Det er dei yngste som ser mest. Blant born i alderen sju til ni år ser over halvparten (54 %) film og seriar på skulen kvar veke.   

– Undersøkinga syner at skulen er ein viktig arena for formidling av audiovisuelt innhald, og då særleg norsk innhald, seier Sigbjørn Sandberg, statistikk- og analyserådgjevar i Norsk filminstitutt, og prosjektleiar for undersøkinga.

– Ungane vi har snakka med fortel at dei vert eksponert for ei bredde av norsk innhald på skulen, alt frå kunnskapsprogram som har hovudføremål å lære bort noko, til reint underhaldningsstoff, seier Sandberg.

Han skal fortelje meir om studien under Barnefilmkonventet på filmfestivalen i Haugesund. Heile undersøkinga vert lagt fram på eit eige seminar på Cinemateket i Oslo 21. september. 

LES MEIR HER: NFI igangsetter publikumsstudie blant barn og unge  

Frå kos til læring 

Undersøkinga syner delte meiningar blant borna om filmane og seriane dei ser på skulen er kjedelege eller ikkje. Frå 10-årsalderen vert innhaldet som visast på skulen oppfatta som meir keisamt enn blant dei yngste.

  • Tre av fire (73 %) i alderen sju til ni år seier at dei ser innhald dei liker på skulen, mot fire av ti (41 %) i aldersgruppa 13 til 14 år.

At delen som liker filmane/seriane dei ser går ned med alderen kan vere knytt til at innhaldet beveger seg frå kos til læring. I tillegg til at halvparten av 13-14-åringene svarer at innhaldet dei ser på skulen er keisamt, er det ein høgare del i denne gruppa – samanlikna med aldersgruppene sju til ni og ti til 12 – som oppgjer at filmane og seriane dei ser i skulesamanheng er læringsretta: 75 prosent mot høvevis 62 prosent og 60 prosent svarer dette.  

Tema på Haugesund Barnefilmkonvent 

NFI jobbar aktivt med å nå ut til fleire og la fleire bli høyrt, spesielt born og unge. Eit ledd i dette er den prioriterte satsinga både på innsikt om publikum og pedagogisk filmformidling som er ein del av Filminstituttets strategi. Under Haugesund Barnefilmkonvent vil Sigbjørn Sandberg i Norsk filminstitutt fortelje meir om norske born og unges mediebruk, og presentere nokre funn frå den nye studien.

Haugesund Barnefilmkonvent finn stad tysdag 22. august 2023. Konferansen vert arrangert for andre gong av Den Norske Filmfestivalen i samarbeid med Kulturtanken og Filmkraft, filmsenteret i Rogaland. 

I tillegg til born og unges medievanar og bruk, vert det presentert ein rekke gode prosjekt innan film og formidlingsaktivitetar. «Skulekino» er eit tema som er godt representert i programmet, og mellom anna skal Norgesfilm presentere sin nye filmpedagogiske teneste for formidling knytt til skolevisningar – ei teneste som har blitt realisert med hjelp frå NFI.   

LES MEIR HER: Nysatsing på film i skolen  

  • Live Nermoen
    • Live Nermoen

    • Seksjonsleder
    • innsikt og myndighetskontakt
    • Telefon: +47 412 25 076
    • E-post: live.nermoen[@]nfi.no
  • Bernt Erik Pedersen
    • Bernt Erik Pedersen

    • Kommunikasjonsrådgiver
    • Telefon: +47 971 79 456
    • E-post: bernt.pedersen[@]nfi.no