Norsk filminstitutt

Norsk filminstitutt kunngjer no ei unik moglegheit for to utvalde produsentar som får delta på produsentprogrammet Producers LINK, for nyare produsentar av audiovisuelt innhald for barn. Programmet finn stad under Kids Kino Industry i Warsawa, Polen i september og Cinekid for Professionals i Amsterdam i oktober 2023.

Tid:
Onsdag 4. oktober - Fredag 27. oktober

Søknadsfrist: fredag 8. juni 2023 innan kl 12:00

Målgruppe: Nyare produsentar som jobbar med fiksjon (film og TV), eller dokumentarprodusentar. Helst må du ha produsert minst to kortfilmar eller ein langfilm/serie. Du kan søke om plass sjølv om du ikkje jobbar med eit eige prosjekt for tida, men vi oppmodar særskilt produsentar med barnefilmprosjekt i utvikling til å søke.

Kids Kino Industry og Cinekid for Professionals samarbeider om Producers LINK, eit program for nye produsentar for barneinnhald. NFI er med som eit av partnarlanda, og vi ser etter framtidsretta kreative produsentar som vil bli kjent med likesinna produsentar, og lære meir om korleis idéane og prosjekta deira kan nå ut betre til dagens generasjon av unge sjåarar.

Kids Kino Industry er det internasjonale samproduksjonsforumet, bransjedelen av Kids Kino International Film Festival, og finn stad i september 2023 i Warszawa, Polen.
Cinekid for Professionals er bransjedelen til Cinekid Festival, som finn stad i oktober 2023 i Amsterdam, Nederland. Begge arrangementa jobbar for å stimulere produksjonen av barneinnhald av høg kvalitet, gjennom internasjonale talent-LABar, ein samproduksjonsmarknad, promotering, matchmaking og kunnskapsdeling gjennom  konferanseprogramma.

Kids Kino Industry retter seg mot det sentrale og austeuropeiske landskapet og Cinekid mot det paneuropeiske og internasjonale landskapet.
Produsentane som blir vald ut til Producers LINK vil få ei unik moglegheit til å delta på to av dei viktigaste arenaane for aktørar innan barnefilm lagt tett i tid etter kvarandre.

Du vil få tilgang til: 

  • Skreddarsydd program, inkludert: Ny innsikt om aktuelle trendar innan innhald for barn, publikumsinformasjon, marknadsføring og pitchetrening
  • matchmaking med andre produsentar og fagpersonar
  • ein-til-ein-møte med investorar og avgjerdstakarar
  • skreddarsydd rådgjeving med ekspertar
  • forumsessionar og foredrag/meisterklassar
  • unikt nettverk av internasjonale aktørar
  • oversikt over samproduksjonsmoglegheiter
  • eit stort og unikt bransjenettverk

Datoar 

Programmet startar på Kids Kino Industry i Warszawa, Polen (4. – 6. oktober 2023) og blir avslutta på Cinekid for Professionals i Amsterdam, Nederland (24. - 27.
oktober 2023).

Søknad og stipend 

Norsk filminstitutt er partnar med Kids Kino og Cinekid, og vil saman med dei andre partnarlanda velje inntil to produsentar kvar for deltaking i Producers LINK. Partnarorganisasjonen dekkjer plassen til produsentane i programmet. Blir du vald ut som ein av produsentane frå Noreg, kan du søkje om stipend for deltakinga frå Norsk filminstitutt

Søknaden må innehalde: 

  • fagleg grunngiving om kvifor du ønskjer å delta på Producers LINK

  • relevant CV

  • prosjektskildring (1-2 sider) om eventuelt eige barnefilmprosjekt (kort om innhald, kven som er involverte og om du har fått tilskot til prosjektet av NFI eller anna offentleg verksemd)
  • Du kan søke om stipendet sjølv om du ikkje jobbar med eit eige prosjekt for tida, men vi oppmodar særskilt produsentar med barnefilmprosjekt i utvikling til å søke.


Korleis søke: 

Send søknad som e-post til: rune.tellefsen@nfi.no 

Søknadsfrist: fredag 8. juni 2023, innan kl. 12:00.

Blir du valde ut som ein av produsentane frå Noreg får du dekt hotel for 3 netter på kvart av arrangementa, frukost, lunsj, tilgang på mingleevent og akkreditering, og dessutan reise til eventa.

 Sjå og:  

Reisestipend utland / NFI
Cinekid for professionals
Kids Kino Industry