Norsk filminstitutt

Sterk norsk og samisk deltaking på årets Toronto International Film Festival, som startar torsdag denne veka.

foto. to personer sitter med ryggen til kamera på en benk i et snødekt landskap. til høyre ved en lyktestolpe står en tredje person med ryggen til
Frå filmen A Happy Day. Foto: Snowfall Cinema

Fleire norske og samiske filmar er invitert til årets Toronto International Film Festival (7.-17 september). Det er verdspremiererar for Hisham Zamans nye film A Happy Day, og Sara Margrethe Oskals langfilmdebut Eallogierdu - The Tundra Within Me. Margreth Olins kinoaktuelle Fedrelandet får nord-amerikansk premiere i Toronto.

Filmfestivalen i Toronto er ein av verdas største publikumsfestivalar. Mange norske filmar har tidlegare starta sitt nord-amerikanske løp på denne festivalen, mellom anna dei Oscar-nominerte filmane Kon-Tiki (2012) og Verdens verste menneske (2021).

Filmfestivalen er også ein av verdas viktigaste arenaer for kjøp og sal av film, der kjøparar, festivalprogrammerarar og presse frå heile verda deltar.

Hisham Zamans tredje spelefilm A Happy Day har verdspremiere i Toronto måndag 11. september. Hisham Zaman er regissør, manusforfattar og produsent på filmen. A Happy Day er tatt ut til Centrepiece-programmet, der festivalen løfter fram nye filmar frå innflytelsesrike filmskaparar, og inkluderer i år regissørar som Aki Kaurismäki og Wim Wenders. Filmen har fått 6.700.000 kroner i utviklings- og produksjonstilskot fra Norsk filminstitutt (NFI). 

foto. ung kvinne i pelslue med samisk mønster ser ut i et snødekt landskap
Risten Anine Gaup i Eallogierdu - The Tundra Within Me. Foto: Norsk filmdistribusjon

Den samiske spelefilmen Eallogierdu – The Tundra Within Me, regi og manus Sara Margrethe Oskal, får verdspremiere i Toronto måndag 11. september. Dette er Oskals første spelefilm. Den er produsert av Mona Johanne Hoel for Freedom From Fear Stories, og er tatt ut til Discovery-programmet, Toronto-festivalens utstillingsvindauge for nytt talent frå heile verda. Eallogierdu – The Tundra Within Me har fått 315.000 i manus- og utviklingstilskot frå NFI.

Foto. Islagt fjord og fjell og en mann går på isen
Frå filmen Fedrelandet. Foto: Speranza Film As

Margreth Olins kinoaktuelle dokumentar Fedrelandet skal visast i dokumentarprogrammet i Toronto, der den får nord-amerikansk premiere onsdag 13. september. Fedrelandet, som har engelsk tittel Songs of Earth, er produsert av Margreth Olin og Lena Faye-Lund Sandvik for Speranza film. Filmen har fått 5.450.000 kr i utviklings-, produksjons- og lanseringtilskot frå NFI.  

Det er historisk at Toronto i år har invitert heile tre samiske filmar: Eallogierdu – The Tundra Within Me, og frå Finland Máhccan – Homecoming i dokumentarprogrammet og spelefilmen Je’Vida i Centrepiece-programmet. Máhccan – Homecoming får verdspremiere i Toronto, og Ten Thousand Images er norsk samprodusent. Filmen har fått 210.000 kroner i samproduksjonstilskot frå NFI.    

– Det er gledeleg at det er så mange norske og samiske filmar på Nord-Amerikas største publikumsfestival i år. Deltakinga i Toronto vil forhåpentleg gje internasjonalt sal og fleire festivalinvitasjonar, seier Kjersti Mo, direktør i NFI.

– Fedrelandet, A Happy Day og Eallogierdu – The Tundra Within Me er sterkt personlege filmar, med lokalt forankra historier som og er globale, seier Kjersti Mo. 

Representantar for dei tre norskproduserte filmane vil være til stades på premierane, saman med sine salsagentar og presseagentar.

Lanseringskonsulent Stine Oppegaard frå Norsk filminstitutt deltek på festivalen og medverkar med profilering av de norske filmane under festivalen, i samarbeid med kollegaer frå Scandinavian Films og European Film Promotion i festivalens industriarenaer.

Dream Scenario, den nye spelefilmen til Kristoffer Borgli (Syk pike), åpner Platform-programmet i Toronto. Filmen er ein amerikansk produksjon med Nicolas Cage i hovudrolla

 

Sterk norsk og samisk deltaking på årets Toronto International Film Festival, som starter denne veka.

  • Stine Oppegaard
    • Stine Oppegaard

    • Lanseringskonsulent utland
    • Telefon: +47 908 59 638
    • E-post: stine.oppegaard[@]nfi.no 
  • Bernt Erik Pedersen
    • Bernt Erik Pedersen

    • Kommunikasjonsrådgiver
    • Telefon: +47 971 79 456
    • E-post: bernt.pedersen[@]nfi.no