Norsk filminstitutt

Middel til Den norske kinokonferansen, Den store skulekinodagen, kinoteknisk rådgiving, målretta festivalmarknadsføring og nettverkssamlingar for dei som arbeider med den kunstnarisk uavhengige filmen er tiltaka som no får tilskot frå Norsk filminstitutt. 

Illustrasjonsbilde: Bildet viser en kinosal med røde seter, ganske full av mannesker. Lyst er delvis på og man ser lyset fra maskinrommet bakerst i salen.
Illustrasjonsbilete. Foto: Krists Luhaer, Unsplash

Evna kinoane har til å nå publikum er viktig i ei tid der fritids- og filmtilbodet aldri har vore større på stadig nye flater. Norsk filminstitutt forvaltar offentlege middel til ordningane kompetansehevende tiltak, nasjonale profileringstiltak og kinoteknisk rådgiving.

Det er ordningar som skal bidra til å styrkje norsk films og posisjonen av den utanlandske kvalitetsfilmen hos publikum, og bidrar til eit profesjonelt miljø for filmformidling i Noreg.

Hurdalplattformen legg til grunn å jobbe for ein desentralisert kinostruktur. I denne runden blir styrkt særleg evna kinoen har til å nå fram til publikumet sitt. 

Her er mottakarane

  • Film & Kino får 1 850 000 kr til tiltak som utviklar formidlingskompetansen til kinobransjen. Dei får middel til å arrangere Filmtreff igjennom året, Regionale kinoseminar for dei mindre kinoane, Grunnkurs for nye i bransjen og Kinokonventet, som arrangerer kvart år i slutten av november.Dei får middel til å arrangere Filmtreff igjennom året, Regionale kinoseminar for dei mindre kinoane, Grunnkurs for nye i bransjen og Kinokonventet, som arrangerer kvart år i slutten av november. 
     
  • Film & Kino får 1 300 000 kr til å marknadsføre Den store skulekinodagen, i samarbeid med kinoane lokalt. Den store kinodagen, som finn stad den første laurdagen i november, er ein etablert kampanje som har blitt arrangert i 35 år.Den store kinodagen, som finn stad den første laurdagen i november, er ein etablert kampanje som har blitt arrangert i 35 år. 
     
  • Film & Kino har også fått 965 000 kr til kinoteknisk rådgiving, ei teneste som er nyttig for særleg dei mindre kinoane rundt om i landet. Tenesta sikrar at kinoane rundt om i distriktet får hjelp til å planlegg ombygging av kinosaler, og hjelp med val av leverandørtenester og prosjektering av sine kinosaler. 
     
  • Bergen internasjonale filmfestival, i samarbeid med Tromsø internasjonale filmfestival, Kosmorama og Festivalkontoret har fått 500 000 til målretta marknadsføring av festivalopplevinga og den utanlandske kvalitetsfilmen retta mot studentmiljøa i dei største byane. Med mellom anna utekinovisninger til studentar på Campus. 
      
  • Filmbyrået Jack, distribusjonsfellesskap for kunstnarisk ambisiøs filmen, har fått 275 000 til å arrangere to nettverkssamlingar med filmskaparar og formidlarar, i samarbeid med Kunstnernes Hus. 

Det kulturelle møtet mellom mennesker

-NFI skal fremje det kulturelle møtet mellom menneske. Etter pandemien, og ein periode der heile kultursektoren har hatt utfordringar med å finne tilbake til publikumet sitt, har dette vore eit viktig område for NFI å fokusere på.Vi har tru på at den samla innsatsen i bransjen igjennom kampanjar og kompetansetiltak er viktige insentiv for å få dette til, seier Julie Ova, avdelingsdirektør for Formidling og samfunn i NFI.  

Meir om ordningane

https://www.nfi.no/sok-tilskudd/kompetansehevende-tiltak/kompetansehevende-tiltak-for-formidlere-og-pedagoger 

https://www.nfi.no/sok-tilskudd/lansering-og-distribusjon/nasjonale-profileringstiltak 

https://www.nfi.no/sok-tilskudd/kompetansehevende-tiltak/film-og-kinoteknisk-radgivning 

Neste søknadsfrist for kompetansehevende tiltak og nasjonale profileringstiltak er 1. april.

  • Julie Ova
    • Julie Ova

    • Avdelingsdirektør
    • Formidling og samfunn
    • Telefon: +47 924 69 955
    • E-post: julie.ova[@]nfi.no
  • Jakob Berg
    • Jakob Berg

    • Kommunikasjonsrådgiver
    • Telefon: +47 971 977 66
    • E-post: jakob.berg[@]nfi.no