Norsk filminstitutt

I årets første vedtaksmøte har Norsk filminstitutt (NFI) tildelt til saman 10.050.000 kroner i produksjonstilskot til sju dokumentarfilmar etter kunstnarisk vurdering.

foto. to personar i ein kajakk padlar ned ei stri elv, foran i kajakken ein gut med hjelm, bak ei kvinne med padleåre
Frå I Follow Rivers. Foto: Field Productions

Dokumentarfilmen I Follow Rivers (bildet) er tildelt produksjonstilskot gjennom talentordninga Neo. Dei seks dokumentarfilmane Apokalypsens ryttarar, Click The Link Below, Det nye museet, Fotspor, In My Hand og The Universe Is My Selfie er tildelt produksjonstilskot gjennom ordninga for konsulentvurdert dokumentar.

In My Hand er ein samisk kortdokumentar som inngår i kunstprosjektet Arran 360, som har premiere 3. februar under opninga av Bodø Europeisk Kunsthovudstad. Dei seks andre tildelingane er alle dokumentarar i langformat.

Emna i denne tildelingsrunden spenner frå coachingindustrien, ekstremsport og identitetskamp til bygginga av det nye Nasjonalmuseet, stupeulykka i Bjørvika, og historia om den drapssikta filmskaparen Arnljot Berg. Det er både personlege, essayistiske filmforteljingar og observerande dokumentarar med sterke historier.

– Norsk dokumentarfilm er på eit høgt kunstnarisk nivå, det viser både siste vekes deltaking i Sundance, og tildelingane denne runden. Ein fellesnemnar for filmane i denne runden er den kunstnariske ambisjonen, med medvitne formgrep som løfter historieforteljinga ut over det personlege, seier Klara Nilsson Grunning, konsulent for dokumentarfilm på NFI.  

– I denne runden tildelingar har eg innstilt Apokalypsens Ryttere og Click The Link Below for produksjonstilskot. Begge utmerkjer seg igjennom sin eigenrådige uttrykksform og korleis dei utforskar kompleksiteten i omgrepet sanning. Dei viser det store mangfaldet som dokumentarforma kan romme, seier Anna J. Ljungmark, konsulent for dokumentarfilm på NFI.

Fire av dei sju prosjekta har 100 prosent kvinnedel på manus, regi og produksjon. Tre av dei sju prosjekta er frå produksjonsselskap utanfor Oslo og Viken. 

apokalypsens ryttere.jpg
Frå Apokalypsens ryttere. Foto: Twentyone Pictures

Apokalypsens ryttere 

2.600.000 kroner i produksjonstilskot. Produksjonsselskap: Twentyone Pictures AS. Produsent: Ellen Ugelstad. Regi og manus: Lene Berg. Lengde: 90 minuttar. Totalbudsjett for produksjonen: 6.408.000 kroner

Synopsis: I 1975 blei den anerkjende norske filmregissøren Arnljot Berg funne i ein bil på ein parkeringsplass utanfor Paris saman med den døde kona si. Då var den yngste dottera hans Lene Berg ni år. Dei neste to åra korresponderte ho flittig med faren medan han sat i fengsel i Frankrike, skulda for mordet på Evelyne Zammit Berg, stemora til Lener. Over 40 år seinare dukkar dette dramatiske barndomsminnet opp hos Lene Berg, som sjølv er filmregissør. Igjennom faktum og fiksjon søkjer ho å rekonstruere denne hendinga og minnet om faren. Kven var han og kva skjedde?

Lene Berg er kunstnar og filmskapar, utdanna frå Dramatiske Institutet, Stockholm. Til Festspillutstillingen i Bergen 2022 laga ho utstillinga Fra far, der ho tok opp historia om Arnljot Berg og drapssaka. Dette materialet vidareførte ho i romanen Fra far (2023), og tredje del blir filmen Apokalypsens ryttere.  Med selskapet Twentyone Pictures har produsent og regissør Ellen Ugelstad jobba særleg med hybridfilmar i både kort- og langformat. I vår er Ugelstad aktuell med langfilmen The Recovery Channel.
 

foto. to personar i ein kajakk padlar ned ei stri elv, foran i kajakken ein gut med hjelm, bak ei kvinne med padleåre
Frå I Follow Rivers. Foto: Field Productions

I Follow Rivers 

1.900.000 kroner i produksjonstilskot. Produksjonsselskap: Field Productions AS. Produsent: Filip Christensen. Regi og manus: Barbora Hollan Lengde: 90 minuttar. Totalbudsjett: 6.214.300 kroner

Synopsis: Mariann Sæther er ein av verdas beste elvepadlere. Sidan ho var tenåring, har ho utfordra mange av samfunnets normer og forventningar. Ho baserte heile livet sitt på å følgje elva, men når ho blir mor, møter ho ei ny utfordring: Kan ho halde fram med å følgje sine eigne draumar og samtidig vere der for familien?

Regissør Barbora Hollan har bakgrunn som fotograf, er utdanna frå Den Norske Filmskolen, og eksamensfilmen Løvemamma (2018) er vist på ei rekkje internasjonale festivalar. Hollan er sjølve elvepadler, og I Follow Rivers er den første langfilmen hennar. Produksjonsselskapet Field Productions blei grunnlagt av produsent Filip Christensen i 2003, og spesialiserer seg på personlege historier med aktivitetar i storslått natur. Selskapet står m.a bak kinosuksessane Aksel (2021) og Supervention (2013)/Supervention 2 (2016), og TV-suksessen Jakten på Monsterkveita (2023) for NRK.

I Follow Rivers har fått produksjonstilskot gjennom talentordninga Neo. Neo Produksjon-ordninga er for manifesterte talentar som ønsker å debutere i det lange formatet innan spelefilm, dokumentar, drama eller hybrid. Prosjekta må ha fått tilskot igjennom Neo Utvikling for å kvalifisere til å søke Neo Produksjon.

click the link below 3.jpg
Frå Click The Link Below. Foto: GonzoDocs

Click The Link Below 

1.650.000 kroner i produksjonstilskot. Produksjonsselskap: GonzoDocs AS. Produsent: Audun Amundsen. Regi og manus: Audun Amundsen. Lengde: 90 minuttar. Totalbudsjett: 4.192.506 kroner.

Synopsis: Etter å ha levd isolert fleire år med eit stammefolk i Indonesia, blir filmskapar Audun Amundsen lokka av rike coachar som lover rask rikdom. Sosiale medium og smarttelefonar har skapt ein grenselaus marknad, og online coaching blir ei av dei raskast veksande næringane i verda. Amundsen bruker hundretusenvis av kroner på kurs og mentorar, og utforskar ein industri med alt frå luksuriøse liv til knuste draumar. Kven er guruane, korleis opererer dei, og kor enkelt er det å bli rik på nett?

Gjennom selskapet sitt GonzoDocs har filmskapar Audun Amundsen laga dokumentarfilmane Newtopia (2020) og Nasi Padang-Et viralt eventyr (2020), også kjent som Help, I’ve Gone Viral (2022), som har vunne prisar og blitt viste på festivalar, tv-kanaler og plattformer verda over. Amundsen har utdanning frå NTNU innan fornybar energi og har mellom anna jobba med solkraft-prosjekter i Indonesia før han begynte med dokumentarfilm for eit tiår sidan.

 

foto. portrett av mann i lilla hettejakke som ligg og ser ut mot høgre biletkant
Frå Fotspor. Foto: A5 Film

Fotspor

1.400.000 kroner i produksjonstilskot. Produksjonsselskap: A5 Film AS. Produsent: Silje Evensmo Jacobsen. Regi: Sunniva Sundby og Mari Bakke Riise Manus: Sunniva Sundby og Mari Bakke Riise. Lengde: 90 minuttar. Totalbudsjett: 5.760.000 kroner

Synopsis: På Sørenga i Oslo har Geir Kåre Nyland, 30 år gammal, pappa, kjæraste, MMA-fighter, stupt og treft botnen med hovudet først. Han har inga kjensle frå brystet og ned, og blir fortalt av at han må førebu seg på eit liv i rullestol. Kva skjer med livet til eit menneske, planar, drøymer og relasjonar når eit val får så dramatiske konsekvensar? Og korleis finn ein tilbake til eit verdifullt liv når heile identiteten var knytt til ein rastlaus kropp i konstant rørsle?

Mari Bakke Riise har jobba på ei rekke prisvinnande dokumentarfilmar og -seriar, inkludert Kayayo (2017), som blei kortlista til Oscar ved The 90th Academy Award. Ho eig og driv A5 Film saman med produsent og regissør Silje Evensmo Jacobsen, som m.a har hatt regi på Team Ingebrigtsen og dokumentarfilmen Tro kan flytte fjell (2021). A5 Film har m.a stått bak dokumentarane Else og Odd (2020, regi: Mari Bakke Riise), og Ukjent landskap (2024, regi: Silje Evensmo Jacobsen), som nyleg hadde verdspremiere på Sundance-festivalen og fekk juryprisen for beste internasjonale dokumentar. Sunniva Sundby har tidlegare arbeidd med prisvinnande dokumentarfilmar og -seriar som Skolen (2017) og Sjuende (2019), og har erfaring frå NRK med programutvikling og podkastproduksjon. 

foto. lyskastarstativ over eit blokkområde i mørkret
Frå The Universe Is My Selfie. Foto: Aldeles

The Universe Is My Selfie 

1.050.000 kroner i produksjonstilskot. Produksjonsselskap: Aldeles AS. Produsent: Elin Sander. Regi og manus: Amir Ajdinovic Lengde: 110 minuttar. Totalbudsjett: 2.750.000 kroner.

Synopsis: The Universe Is My Selfie er ein personleg, essayistisk film i grenselandet mellom dokumentar og kunstfilm. Filmen tar opp brennbare problemstillingar i samtida, knytt til einsemd, manglande kulturell og religiøs tilhøryrsle, krig, ekstremisme og identitetskamp. Sentralt i filmen står den personlege stemma til regissøren, der Amir Ajdinovics eiga historie dannar bakteppet for eit kompromisslaust filmverk.

Filmskapar Amir Ajdinovic var seks år då han kom til Noreg som krigsflyktning frå Bosnia. The Universe Is My Selfie er hans første dokumentariske langfilm. Forutan å vere regissøren og protagonisten av filmen, er han også kreditert som manusforfattar, fotograf, klipper og komponist. Elin Sander har arbeidd som produsent i Bergen sidan slutten av 1990-tallet, og har m.a produsert kinodokumentarane Gunnar Goes Comfortable (2003) og Bergen – i all beskjedenhet (2020). Ho er medeigar i filmselskapet Aldeles, der ho jobbar som produsent, manusforfattar og regissør.

 

foto. eit stativ med ein mann i arbeidsklede på veg opp ein marmorvegg
Frå Det nye museet. Foto: Medieoperatørene

Det nye museet 

1.000.000 kroner i produksjonstilskot. Produksjonsselskap: Medieoperatørene AS. Produsent: Ingvil Giske. Regi og manus: Birgitte Sigmundstad. Lengde: 80 minuttar. Totalbudsjett: 6.413.161 kroner.

SynopsIs: I 2022 fekk Noreg nytt nasjonalmuseum, ei sjeldan hending av stor nasjonal betydning. Sidan 2016 har filmskaparane følgt prosessen rundt det nye Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design, gjennom både bygging, opning og leiarskifte. Kva betydning har museet og kunsten for samfunnet?

Regissør Birgitte Sigmundstad er sjølve utdanna bildekunstnar og har laga fleire essayistiske filmar om kunsthistoria og kunstnarrolla. Ingvil Giske har over 20 års erfaring som dokumentarprodusent i Medieoperatørene, og har dei siste åra stått bak prislønte dokumentarar som Kunstneren og tjuven (2020), Formørkelsen (2022) og premiereklare Ibelin (2024).

foto. mann med samekofte og fuglevingar ligg i ei grøn eng sett ovanfrå
Frå In My Hand. Foto: Paranord

In My Hand 

450.000 kroner i produksjonstilskot. Produksjonsselskap: Paranord Film AS. Produsent: Linn Henriksen. Regi: Liselotte Wajstedt og Marja Helander. Manus: Liselotte Wajstedt Lengde: 8 / 15 minuttar. Totalbudsjett: 2.100.000 kroner

Synopsis: Ein kortdokumentar om den samiske aktivisten Niillas Somby, som utforskar dei personlege og historiske kampane til det samiske folket. Filmen balanserer mellom fengsel, protestar og surrealistiske møte, og gir ei unik innsikt i ein manns ekstraordinære reise. 

In My Hand er ein av dei fem nye 360°-filmene i den andre utgåva av Árran 360, som inngår i programmet på Bodø 2024 Europeisk Kulturhovudstad, med kortfilmar av samiske kunstnarar vist på 360-graders skjerm i ein ti meter høg lávvu.  

Med selskapet Paranord har Linn Henriksen tidlegare produsert m.a langdokumentaren Tystnaden i Sápmi (2022) og kortfilmen Eadni frå Árran 360-prosjektet på Venezia-biennalen i 2022, begge regisserte av den samiske biletkunstnaren og filmskaparen Liselotte Wajstedt frå Sverige. Den samiske biletkunstnaren og filmskaparen Marja Helander frå Finland regisserte kortfilmen Áfruvvá til den første utgåva av Árran 360. Saman har dei laga In My Hand til Árran 360 i Bodø.

  • Bernt Erik Pedersen
    • Bernt Erik Pedersen

    • Kommunikasjonsrådgiver
    • Telefon: +47 971 79 456
    • E-post: bernt.pedersen[@]nfi.no